BN+

Gjenbruk: Eit fjøs kan brukast til så mangt. Kolbjørn Vik har etablert Snikkarbuå. Her lagar han mellom anna blomsterkassar og hagemøbler.

Snekrar hagemøbler i kufjøset



Fjøset på Dysjaland i Hå er gjort om til ein snekkarverkstad der Kolbjørn Vik tryllar fram blomsterkassar, hagemøbler eller kva som helst.


Sjur Håland


– Kulort er ikkje lett å fjerna, det er framleis gule merke i taket, seier Kolbjørn Vik, og peikar opp mot det kvitmåla tretaket medan han synar veg inn i det som ein gong var eit tradisjonelt båsfjøs på 200 kvadratmeter.

Impulshandel

Båsane er fjerna og golvet sletta. Nå luktar fjøset friskt av sagflis og treolje. Båsfjøset var eit av dei første på Jæren som vart bygd i betongelement. Då bonden valde å selja tunet med våningshus, driftsbygning og fire mål tomt for drygt to år sidan, slo Kolbjørn og kona, Siri Vik, til og handla.


– Eg er nok av den impulsive typen, smilar Kolbjørn.


Dermed kunne hobbyverksemda ekspandera ut frå eit lite kjellarrom i eit hus i eit byggefelt, til eit romsleg fjøs i eit tun liggande ved Kviamarka på grensa mellom Nærbø og Varhaug. Utsikten er luftig og fri til både Nordsjøen og Høg- Jæren. Himmelen er høg. I tunet står gamle hestereiskap utstilt. Høns, hund og katt lever gode dagar saman med Siri og Kolbjørn.

I-mek seljar

Mange av Bondevennen sine lesarar kjenner Kolbjørn frå åra han dreiv med imek, sal og prosjektering, først i DeLaval og seinare i Felleskjøpet Rogaland Agder.


– Kanongildt arbeid der dei gode opplevingane saman med kundar og kollegar stod i kø, seier han.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.