Tine-veteranar: Frå venstre: Knut Schibevåg, Tore Joa og Ingve Dubland. Dei tre har alle hatt det aller meste av sine yrkeskarrierar i meierisamvirket. Om vemodskjensler kanskje ligg på lur, er det definitivt smila som rår grunnen.

Takkar for seg etter 105 år

16. juli 2020

Tre Tine-profilar i sørvest takkar nå for seg. Til saman har dei tent meierisamvirket i meir enn eit århundre. Her summerer Tore Joa, Knut Schibevåg og Ingve Dubland karrierane og delar tankar om Tine sine framtidsutfordringar.

Sjur Håland

Har Tine under huda

Han er medlemssjef i Tine Sørvest og vel kjent i landbruksmiljøet i Rogaland. Knut Schibevåg har nett passert 64 år og er i ferd med å rydda 33 år i meierisamvirket ned i pappøskjer på kontoret på Særheim. Stillingstitlane har endra seg gjennom åra, men fellesnemnaren er at han har hatt leiarstillingar der han har vore eit bindeledd mellom organisasjonen og eigarane.

– Kva har endra seg mest i løpet av din karriere?

– Den digitale utviklinga har vore enorm. PC og internett var framandord då eg starta. Så har eg følgt dei store endringane i meierisamvirket frå små sjølvstendige einingar til distriktsmeieri og vidare til region- og konserndanning. Det har vore ei heilt utruleg reise.

– Kva har vore den gildaste delen av jobben, og kvifor har det vore gildt?

– Samspelet med dei eigartillitsvalde og alle møta med eigarane toppar lista. Vidare er eg svært glad for tilliten eg har fått i Tine, med moglegheitene som har følgt med på mange nivå. Det har vore ei karriere med mange endringar og stadig nye oppgåver.

– Kva har du likt minst?

– Eg har gleda meg til å gå på jobb kvar dag. Som ein klarspråkleg mann som fleire gonger har stått midt i stormane som har vore, har det så klart vore tøft nokre gonger. Men det er likevel ein del av gamet i dei posisjonane eg har hatt. Når avgjerslene så er tekne har det vore viktig for meg å følgja lojalt opp.

– Kva vil du sakna mest?

– Nei, det veit eg jo ikkje enda. Å vera ein del av eit stort system kjem eg nok til å sakna. Eg har Tine under huda. Det har vore ein meiningsfylt jobb der eg har hatt innflytelse. Å stå på sidelinja blir nok rart.

– Kva skal du gjera nå?

– Først skal eg mala garasjen. Fridomen eg får, håpar eg å kunna bruka til å lesa, reisa, gå på tur og plukka bær og sopp. Eg gler meg til meir tid med familien. Kanskje kjem eg til å melda meg opp og ta eit fag på universitetet. Eg har alltid likt å studera og setja meg inn i ting.

– Kva er Tine si største utfordring i tida som kjem?

– På det forretningsmessige handlar det om utfordringar kring import og rammevilkår, og å auke marknadsdelane i høve til den innanlandske konkurransen. Tine har mål om vekst og auka driftsmargin. På eigarsida er største utfordringa å sikra god kommunikasjon og kompetanse for å saman kunne ta tøffe val som vil koma. 

Travar frå ku til hest

Ingve Dubland sluttar av i Tine med tittelen fagrådgivar mjølkekvalitet. Han har, nøyaktig som kollega Schibevåg, heile 33 år i Tine å syna til. Gjennom yrkeskarrieren har 62-åringen berre hatt meieriet som lønnsutbetalar. Det inkluderer fem år som mjølkeprodusent, seks år som avløyser med utløning via Nærbø Meieri, tre år som kontrollassistent ved Sør Jæren Kontrollag og 30 år som fagrådgivar mjølkekvalitet i Tine.  

– Kva har endra seg mest i løpet av din karriere?  

– Svært mykje, sjølvsagt. To døme kan vera at tal hentepunkt har blitt vesentleg redusert, og at den tekniske utviklinga på gardsbruka har vore eventyrleg.  

– Kva har vore den gildaste delen av jobben?  

– Diskusjonane med bønder og kollegaer har eg alltid likt. Arbeidet mitt har handla om å finna løysingar på utfordringar i eit fag som eg liker.  

– Og kva har du likt minst?  

– Det er nok dei gongene eg har måtta handtera saker der folk har stått midt oppi eller har vore prega av personlege tragediar.  

– Kva vil du sakna mest?  

– Eg vil heilt sikkert sakna kontakten med bønder og kollegaer. Det å føla at ein av og til kunne gjera ei forandring for dei ein var tilsett for å hjelpa, har vore meiningsfylt.  

– Og kva skal du gjera no?  

– Eg er hesteinteressert, har eigne hestar og er engasjert i travmiljøet. Det er ein hobby som eg likar. Elles har det kome enkelte spørsmål om å engasjera meg i område innan det yrket eg har hatt. Me får sjå kva det blir til.  

– Kva er Tine si største utfordring i tida som kjem?  

– Det blir å få bøndene til å føla tilhøyrsle til Tine. Eigarane skal kjenna at dei blir sette pris på. Å oppleve verdsetjing utover det reint økonomiske er utruleg viktig.

Kueksteriør-eksperten

Tore Joa er ein institusjon i seg sjølv, og kjent og kjær for alle med interesse for husdyravl og eksteriørdømming. I dag er 63-åringen fagrådgivar avl med kontorplass på Særheim. Tore starta karrieren som kontrollassistent, i det som då heitte Rogalandsmeieriet, i 1981. Broren driv gard på Sola. Tore har alltid kombinert arbeidet i Tine med fjøsstell hjå broren. I utgangspunktet var planen at Tore skulle slutta av 1. juni, men på grunn av bemanningssituasjonen, skal han ha kontorplass i Sola og arbeida ut 2020.

– Kva har endra seg mest i løpet av din karriere?

– Arbeidet har faktisk ikkje endra seg så mykje. I alle fall ikkje når det gjeld det eksteriørmessige som eg er særleg interessert i. Men noko har endra seg. Eg måtte i si tid på datakurs og læra opp andre. Nå er eg for lengst i bakleksa. Sjå på ungane, dei er fødde med skjermar og applikasjonar.

– Kva har vore den gildaste delen av jobben, og kvifor har det vore gildt?

– Folk har ulike talent. Mi interesse for avl var sterk. Det var nok blant årsakene til at eg fekk moglegheita til å utvikla arbeidet med avlsplanar sjølv. Eg har også vore med i Geno sitt fototeam og har kjøpt inn oksekalvar. I tillegg har eg hatt eit stort distrikt og reist mykje. Det er difor eg har halde på med denne jobben. Ikkje for pengane, men for at det har vore fritt, gjevande og utruleg kjekt.

– Kva har du likt minst?

– Om det var noko eg ikkje hadde likt, hadde eg vel ikkje halde på. Men om eg skal halda meg til faget, likar eg lite at det framleis blir lagt alt for lite vekt på eksteriør i storfeavlen.

– Kva vil du sakna mest?

– Folka. Eg vil sakna dei som eg har fått stå til teneste for gjennom åra. Så vil eg sakna å reisa rundt og eksteriørbedømma kyr. I dag har eg vore i to fjøs. I kveld skal eg i eit fjøs på Brusand og vurdera 61 kyr. Lite gir så mykje ro og meining som å gå åleine i ein rolig kuflokk og vurdere dyra.

– Kva skal du gjera når 40-års arbeidskarrieren er over?

– Eg skal framleis vera med i fjøset til broren min ei stund til. Så har eg og kona ein bubil. Interessa for faget kjem ikkje til å sleppa taket. Eg har tenkt å vera aktiv på dei ulike nettsidene som er relatert til storfeavl. Kanskje får eg lov å koma på besøk til gamle kundar og fotografera fine kyr?

– Kva er Tine si største utfordring i tida som kjem?

– Det er når til dømes unge mjølkeprodusentar med lang karriere føre seg går over til konkurrentane og såleis bidreg til å avvæpna Tine. Organisasjonen har blitt sentralstyrt. Då er det ikkje så lett å få med seg kva som skjer lokalt. Vender bøndene på Jæren Tine-samvirke ryggen, vil det vera ein katastrofe for resten av landet. Det er her på Jæren Tine kan gjera det best med blant anna låge kostnadar til inntransport.