BN+

Gildt arbeid: Lena Nergård stortrivst i juletreskogen. Svært mykje arbeid ligg bak før eit tre som dette kan merkast, hoggast og seljast.

Vil ha fleire juletredyrkarar


Lena Nergård sine tre er grøne og heilt naturlege. Juletredyrkaren har klokketru på at norske juletre vil vera ettertrakta vare også i framtida og vil gjerne ha fleire produsentar med på laget.

Sjur Håland

På Myhre Juletregard på Hebnes i Suldal kommune kvessar Lena Nergård reiskapen og gjer seg klar til å hogga og pakka årets ladning med juletre. Målet er å kome opp mot 3.000 tre i året. I år skal 2.000 tre hoggast, pakkast og seljast. Lena er frå Elverum. Garden i Ryfylke tok dei over frå mannen, Jan Magne Myhre, sine foreldre i 1998. Då var det sauer og ungdyr på bruket, i tillegg til plommeproduksjon og produksjon av pyntegrønt.

– Me var nok ikkje typiske husdyrbønder, slår Lena fast.

Plantar framleis

Dei vurderte andre alternativ då ein kjent nestor i juletredyrkarmiljøet, Terje Pundsnes, kom på banen.

– Dermed var me i gang og kunne plante dei første juletreplantene våren 1999. Etter den tid har me planta jamt og trutt. Me plantar framleis, seier Lena, og klør det einaste husdyret på garden, den dansk svenske gårdshunden Emil, i nakkeskinnet.

Samla produksjon av juletre inkluderer dyrkajorda på garden og utgjer 60 dekar. Eitt felt står tomt.

– Men det skal plantast i til vårs. Me har alltid eit nytt felt å planta kvart år, forklarer ho.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: