Tommel opp for landrasane
Utmark, landrasar og mindre fjøs. Tone Sæstad og Magne Kyllingstad Sæstad satsar på alt det styresmaktene vil ha. – No får me sjå om dei meiner alvor, seier Magne.
Utmark, landrasar og mindre fjøs. Tone Sæstad og Magne Kyllingstad Sæstad satsar på alt det styresmaktene vil ha. – No får me sjå om dei meiner alvor, seier Magne.
Med enkle tiltak kan ein gjere haustbeiting av enga meir effektiv. Resultat av forsøk viser at bruk av mineralgjødsel før haustbeiting resulterer i høg PBV, og ikkje nødvendigvis auka tilvekst på lamma.
Nofence er lovleg i bruk til geit. No står sau og storfe for tur. Deretter skal det usynlege gjerdet erobre verda. – Eg gler meg stort til å sjå gris på beite i framtida, seier mannen med ideen, Oscar Hovde Berntsen.
Kjendisgeitene på Ålgård har opna eit attgrodd friområde i løpet av eit par smakfulle sommarmånadar. Krattet er rydda og småtrea ringbarka.
På Englandsmo fellesseter har tre bønder tilgang til viktige fôrressursar i utmark og fjellbeite. I tørkeår som dette er det avgjerande, meiner bøndene.