Vanskelege hausteforhold kan få økonomiske konsekvensar
Vi har lagt bak oss ein våt, utfordrande sommar. Her følgjer nokre råd til korleis du kan gripa an situasjonen.
Vi har lagt bak oss ein våt, utfordrande sommar. Her følgjer nokre råd til korleis du kan gripa an situasjonen.
Ein tysk, fjernstyrt og sjølvgåande lettvektar, slår 20 dekar eng i timen. Samleriva kjem til våren og ei rundballepresse, basert på same konseptet, er i kjømda.
Godt og sporefritt silofôr er inga sjølvfølgje, noko Odd Reidar Tjemsland frå Varhaug har erfart denne innefôringssesongen. For å unngå kvalitetstrekk til vinteren endrar han rutinane før komande siloslått.
Ei grovteljing frå Tine-produsentar på Jæren og på Agder syner at av kring 250 produsentar med mjølkerobot, hadde 100 vore oppe i eit sporetal på middels- eller høgt nivå.
Kvifor slit vi stadig med sporar i mjølka og kvifor har vi ikkje fått til eit fôr fritt for sporar, når vi veit så mykje om kva som påverkar sporeinnhaldet?