Sporer: Eit betydeleg tal prøvar frå denne fôringssesongen indikerer feilgjæring og synar høgt sporeinnhald frå haustinga. Foto: Ingve Dubland, Tine.

Kvifor slit vi stadig med sporar i mjølka og kvifor har vi ikkje fått til eit fôr fritt for sporar, når vi veit så mykje om kva som påverkar sporeinnhaldet?

Ingve Dubland, Tine

I Bondevennen, og mange andre fagtidskrifter for landbruket, har utfordringar med sporar i mjølka vorte belyst. Tema har omhandla jordarbeid ved etablering av eng, pleie av etablert eng, utkøyring av husdyrgjødsel, husdyrgjødselmengde, tid for spreiing og spreieteknikk. Vidare har fagartiklane gjerne handla om hausteteknikk, val av type reiskap og ikkje minst ensileringsmidlar. Ingen av dei som ytrar seg, og svært få av dei som les dette, er ueinige i at desse faktorane speler inn og er direkte avgjerande for sporemengdene i fôret og dermed faren med å få sporane over i mjølka.

Kvifor

Kvifor har vi ikkje kome lengre? Kan det vere slik at konsulentane meiner ein ting og brukarane oppfattar noko anna, eller er det slik at når arbeidet skal gjerast, så vert det så hektisk at alle gode forsett vert gløymde, og ein fell tilbake til gamle vaner? Eller er det slik at den nye tida, med større utstyr og varierande vêrforhold, gjer det mest umulig å stetta krava til eit sporefritt fôr?

Prøvar gir peikepinn

Frå TINE er det ofte peika på at å ha kunnskap om sporenivået i fôret er viktig for god planlegging av fôrdisponeringa. Eksakt kunnskap om dette får ein ved å analysera ein representativ prøve av fôret for sporar. Det kan vera ein rein sporeprøve eller ein hygieneprøve. Ofte vert denne tatt ut i saman med ein ordinær fôrprøve. Studerer ein desse forskjellige prøvane kan dei ofte gje oss svar på kvar i prosessen sporane for det meste har hamna i fôret. For kvar enkelt kan dette gje ein peikepinn kvar ein skal konsentrera arbeidet med å unngå sporar. Vi har nok eit inntrykk, etter å ha studert resultata i mjølk over fleire år, at mange produsentar går igjen år etter år. Er det då sporenivået i gjødsel og jord som har vorte så høgt, at det er svært vanskeleg å ikkje få sporar over i fôret, eller er det andre årsaker?
Denne innefôringssesongen har vi i TINE tatt ut ein heil del slike prøver og vil her dele vår oppfatning av trenden i resultata på desse. Det som ein må merka seg er at slike prøver ofte vert tatt ut som eit resultat av utfordringar med sporar, både akutt og med ein historisk bakgrunn. Derfor vil ikkje dette gje eit heilt rett bilete, men er meir eit uttrykk for at mange har utfordringar.

Halvparten dømt dårleg

Dette er prøvar analysert gjennom Felleskjøpet Rogaland Agder. Resultatet av sporeanalysen er oppgitt i KDE/g (kolonidannande einingar). Ønska verdi er under 16 KDE, og over 316 KDE er dømt som dårlig. På smørsyreinnhald er grensa under 4 gram per kilo tørrstoff.
Frå desse prøvane, som er tatt ut i denne fôringssesongen, viser det seg at 50 prosent av analysane på anaerobe sporar (smørsyresporar/vintersporar) er over 316 KDE og berre 11,5 prosent er under 16 KDE. Når ein ser på sporeinnhald er halvparten av fôret til mjølkekyrne dømt som dårlig. Ser vi på smørsyreinnhald, som er eit mål på rett ensilering, har heile 59,2 prosent av prøvane eit smørsyreinnhald over 4 gram per kilo tørrstoff. Tar vi med konserveringsindeks og varmgangsindeks ser vi at det er svært få prøver som når kravet, noko som kan indikera at mange vil ha utfordring med ettergjæring og varmgang ved uttak.

Stram lukt

Desse resultata, viser at det både er eit betydeleg tal prøver som har fått eit høgt sporenivå frå haustinga, og prøver som indikerer feilgjæring. Vi har og rapporter frå bønder som seier at fôret lukta godt når dei opna siloen, men at det etter kvart endra seg og dei fekk ei stram lukt. Dersom vi tar med resultata av konserveringsindeksen, ser vi at mange prøver viser låge verdiar her, noko som vil seie at fôret ikkje er lagringsstabilt. Faren for ettergjæring i slike fôrlagre er stor. Som tidlegare nemnt har vi over fleire år merka oss at mange produsentar får sporar i fôret år etter år. Er sporenivået i gjødsel og på jorda så stort at hjå desse skal det ennå mindre til for at sporane kjem over i foret? Eksempel frå praksis kan tyda på dette. Eg har fått melding frå produsentar som ikkje har vore plaga med sporar, og som har kjøpt gras på rot frå gardar der det har vore spore-utfordringar over år. Ved fôring av grovfôret har dei fått påvist sporar i mjølka. Andre meldingar går ut på at etter at dei gjekk over til slangespreiar, så fekk dei problem med sporar. Men alt tyder på at utfordringane er fleire og samansette, og kan variera frå gard til gard. Fôr med slike verdiar på smørsyre er dessutan så lite smakeleg at det truleg òg vil gå utover fôropptaket og dermed vere ei utfordring på dette området òg.

Skjerpa krav

Så vert utfordringa; kva skal til, når ein i teorien veit kva som gjev godt sporefritt fôr. Er det fleire fagartiklar i Bondevennen, fagdagar ute i feltet, kurs i hausting og ensilering av gras som skal til? Ja spørsmåla kan vera mange, men berre de som bønder kan gje svaret.
TINE har i regelverket for 2017, skjerpa kravet til dykk som bønder når det gjeld sporar. Skjerpinga er sterkast på området som går på korleis ein kan kome ut av ei sporeutfordring. Nå må du ha eit middel av dei fire siste sporeprøvane under eller lik 1,5 for at oppfølginga sluttar. Det er ikkje lenger nok med ein god prøve. Elles kan ein merka seg at det vil nå bli tatt ut sporeprøver av alle leverandørar eit par omgangar i året, og ikkje bare på grunnlag av tankbilprøver. Dette vil nok føre til at fleire får føling med prøvar som gjer at dei vert følgde opp med nye prøvar. Alle gardstankprøver med verdi 2 og 3, vert følgde opp med nye prøver heilt til ein er under eller lik 1,5, som middel på dei 4 siste prøvane.

Diskusjonspanel

Dette var ein del tankar rundt utfordringane med sporar. For å koma noko vidare vil vi få eit panel der praktikarar, bonde og entreprenør og rådgivarar diskutere korleis ein kan løysa dette problemet. Diskusjonane vert referert i neste nummer av Bondevennen, så følg med.

Stikkord denne saka: , , ,