MI MEINING

Gulrot, ikkje pisk

16. april 2018 | Dessutan

Foto: Ingunn Haraldsen
Høgre sviktar.

Ei flat CO2-avgift vil hemme tiltak for å kutte utslepp i veksthusnæringa, meiner generalsekretær i Gartnerforbundet, Katrine Røed Meberg.

Bothild Å. Nordsletten

Regjeringa ønskjer å innføra ei flat CO2-avgift på 500 kr per tonn CO2 for alle sektorar, landbruket inkludert. Veksthusnæringa kan bli hardt rama. I førre veke var Røed Meberg i møte med landbruks- og matminister Jon Georg Dale for å forklara han om konsekvensane, dersom framlegget går gjennom.

– Ei avgift inneber store utgifter for gartnarane. Kanskje 160.000 kroner for dei med mellomstore veksthus, og opp til to millionar for dei med store. Eg ser ikkje korleis me kan ta ut dette i høgare pris i ein konkurranseutsett marknad, med import og svekka tollvern. Me blir òg hemma med tanke på investeringar for å setta i gang eigne tiltak for å redusera CO2-utslepp og å spara energi. Avgifter hjelper berre om det finns gode alternativ og du ikkje slår beina under dei som skal gjennomføra tiltaka. Veksthusa i Rogaland, som i stor grad baserer seg på naturgass, har i dag ingen gode nok alternativ. I verste fall kan me miste produsentar i Noreg og me får såkalla karbonlekkasje til andre land.

– Er det ikkje mogleg for næringa å klimatilpassa seg endå betre?

– Ja, og det har me gjort. Næringa har mest halvert CO2-utsleppa frå tidleg 2000-talet, og spart 193 GW timar energi. Me jobbar med dette heile tida, utan avgifter. Og me jobbar med gulrot – ikkje pisk.

– Kva er hovudbodskapen til landbruksministeren?

– At me ikkje ynskjer avgifta, at me framleis vil ha fritak frå den, og at me vil halda fram med dei høge ambisjonane våre om å kutte CO2 og å spara energi. Me har synleggjort at me ikkje har alternativ til CO2. Me nyttar jo CO2 for å få større avlingar i veksthusa! Eg opplevde Dale som lyttande. Han ynskjer vidare dialog og fleire innspel frå oss for å koma fram til løysingar, innan dei politiske rammene han har. Dette er en veldig alvorlig sak og eg vonar politikarane snur. Me vil gjere det som er moglig for å påverka prosessen framover.

Rogaland Høgre har gått inn for å utsetta CO2-avgifta for veksthusnæringa. Dei vann ikkje fram under partiet sitt landmøte førre helg. Det provoserer Røed Meberg.

– Høgre sviktar. Det er svært skuffande at partiet, og Erna Solberg, går inn for å legge avgifter på matproduksjon i veksthus. Høgre, som skal vera et næringsparti, sviktar fullstendig og er totalt uføreseielege. Dette blir ei rein fiskalavgift til staten når det ikkje fins reelle alternativ.