Ingen veg tilbake og usikker veg fram. Det er den fortvilte statusen for familiane til snautt 200 pelsdyrbønder over eit år etter at Stortinget vedtok å leggja ned næringa deira. Etter fleire års uvisse og kamp, først om pelsdyrnæringa si framtid, så for eit anstendig oppgjer då yrkesforbodet var eit faktum, lever mange av familiane ennå i limbo.

For næringa, som først vart offer for Venstre sitt inntog i regjering, opplever no store hinder for å koma seg vidare. Det rimar dårleg med dei signala Norsk pelsdyralslag har fått frå styresmaktene: At pelsdyrbøndene skal få full kompensasjon, og at dei skal stå skadeslause att etter avviklinga.

At kompensasjonen, som til no har vore førespegla, ikkje strekk til, såg me tydelege døme på under stormøtet på Varhaug i januar. Ein etter ein stod bøndene fram og viste million-gapet mellom kompensasjonen dei låg an til å få, og dei reelle tapa dei kjem til å lida.

I denne vekas Bondevennen kan du lesa om korleis heller ikkje dei 95 millionar kronene til omstilling verkar å vera godt nok innretta for at pelsdyrbøndene skal kunna snu seg rundt. Mange opplever ordninga og søknadsprosessen som svært vanskeleg og lite fleksibel. Nokre, særleg dei som ikkje eig grunnen dei bur og driv på, fell rett og slett utanfor ordninga.

Les også: Pelsdyrbønder fell utanfor omstillingsordninga

Dette er svært uheldig med tanke på det uføre regjeringa har kasta denne yrkesgruppa ut i, og løftet som er gitt om å rydda opp. Ei heller rimar det med politiske målsettingar om å satsa på jordbruk, når pelsdyrbønder risikerer å måtte sløkkja lyset på garden fordi dei ikkje får det som trengst til å satsa nytt.

Uthalinga i saka tykkjest å vera eit resultat av regjeringa si frykt for å skapa kostbar presedens, i fall staten skulle ønskja å forby fleire næringar i framtida. Skal dei unngå det, kan nemleg ikkje kompensasjonen og omstillingsmidla til pelsdyrnæringa bli for rause.

Ifølgje Nationen sender Landbruks- og matdepartementet snart på høyring eit nytt framlegg til kompensasjon for avvikling av pelsdyrnæringa, i tråd med Stortinget sitt vedtak. Me vonar dette framlegget er målretta og raust nok til å vega opp for tapet og uvissa som pelsdyrbøndene har måtta leva med. Dei fortener ei avklaring så snart som råd er.

Bothild Å. Nordsletten