Siste sesong: Kjell Hodne er inne i sine siste veker som pelsprodusent. Han er ein av dei heldige, og har fått midlar til omstilling. Kyllingproduksjonen på garden skal doblast. Her med ein mink av rasen Stardust.

– Så mange som femti prosent av bøndene vil ikkje kunne omstille seg under ordninga, seier Bertran Trane Skadsem, leiar i Norges Pelsdyralslag.

Jane Brit Sande

I samband med at Stortinget vedtok «Lov om forbod mot hold av pelsdyr» i juni i 2019, vart det også vedtatt ei omstillingsordning. Det er sett av 100 millionar kroner for pelsprodusentar som må avvikla drifta innan utgangen av 2025. Fem millionar er øyremerkt kompetansehevjing.

Frå gulrotåker til kyllinghus

Kjell Hodne, kylling-, gulrot- og pelsdyrbonde på Klepp i Rogaland, fekk nyleg innvilga to millionar kroner i omstillingsmidlar – snaue 20 prosent av investeringssummen.

– Det er klart dette hjelper godt på startkapitalen, seier bonden.

Neste år stikk han spaden i gulrotåkeren, og startar bygginga av eit 2600 kvadratmeter stort kyllinghus. Med det blir kyllingproduksjonen på garden dobbelt så stor.

– Eg trur det var avgjerande for Innovasjon Norge at eg skulle investera i allereie eksisterande produksjon. Dei held att på kraftfôrkrevjande produksjonar, seier Hodne.

Hodne er inne i sin siste sesong som pelsprodusent. Det er pandemi-situasjonen som gjer at punktum blir sett alt no, seier han.

– Eg har 19 000 dyr i dag. Ved slutten av sesongen, pelsar eg ut, og legg skinna på frys til prisane blir betre, seier han.

Fell utanfor

Hodne ser trass alt ut til å vere ein av dei heldige. Han skulle ønske at fleire av hans yrkesbrør kunne dra nytte av omstillingsordninga.

– Den burde vore meir romsleg, seier Hodne.

Norges Pelsdyralslag (NPA) erfarer at mange bønder vil falle utanfor omstillingsordninga.

– Så mange som femti prosent av bøndene vil ikkje kunne omstille seg under ordninga slik den er no, seier Bertran Trane Skadsem, leiar i NPA, til Bondevennen.

I følgje Innovasjon Norge (IN), kan det ikkje givast støtte til nydyrking, kjøp av landbrukseigedom, annan næringseigedom, tilleggsareal og mjølkekvote.

– Mange pelsdyrbønder har etablert seg på leigejord eller fellesareal. Dei fell utanfor, seier Skadsem.

Betran Trane Skadsem

Det kan heller ikkje givast støtte til investeringar som er i strid med føringar i landbrukspolitikken, som til dømes å støtta nyetablering eller utviding av eggproduksjon og svinehald.

– Bønder som vil investera i annan, allereie eksisterande produksjon på garden, ser ut til å få god respons, seier Skadsem.

Dei erfarer at omstillingsordninga avgrensar alle kraftfôrkrevjande produksjonar, ikkje berre egg og gris.

– Ordninga må famne breiare. Den må opne opp for at pelsdyrprodusentane kan få betre moglegheiter til å starta opp med mindre verksemder, seier Skadsem.

 Treng nytt levebrød

Skadsem seier at reglane for tildeling av omstillingsmidlar burde vore meir lempelege.

– Både gris- og fjørfeproduksjonen opplever aukande etterspurnad i marknaden. Her bør pelsdyrbøndene få sleppa til, seier han.

– I begge desse produksjonane har det dei siste åra vore periodar med overproduksjon, og følgande etableringsstans. Kvifor skal pelsdyrbøndene få unntak?

– Når staten tar levebrødet frå oss, må staten syte for eit nytt. Alternativet på mange av gardsbruka er nedlegging. Det er i heile samfunnet si interesse at bruka blir oppretthaldne, seier Skadsem.

– Me ventar framleis på kompensasjonsordninga. Me fryktar at mange produsentar vil vere gjeldsbelasta, seier Skadsem.

Nationen meldte i førre veke at eit nytt framlegg til kompensasjonsordninga snart skal ut på høyring, i tråd med Stortinget sitt vedtak.

– Ikkje målretta nok

Skadsem vil at dei som har ansvar for utforminga av ordninga ser at den ikkje er målretta, og endrar den.

– Det er no bøndene må omstillast. I verste tilfelle kan mange av dei hamne på NAV. All motgang stel initiativ hjå menneska som blir råka. Me må motivera bøndene, og hindra at dei gir opp. Det har vore vanskeleg, og nå må me syte for at flest mogleg får gå vidare, seier Skadsem.

Stikkord denne saka: