
Foto: Liv Kristin Sola
Ikkje eit mjølkebruk å miste
Bjørn Lende,
bonde og lærar, Jæren.
Ikkje eit mjølkebruk å miste, er ein av parolane til småbrukarlaget denne vinteren. Etter at næringa har betalt store summar for å kvitte seg med drygt 400 av sine yrkesbrør, er det framleis slik at ein stor del av dei som er att tel på knappane om dei skal satse eller avvikle.
Det er god grunn til å stilla spørsmål om kor mange mjølkebønder me vil ha etter 2034, utan drastiske verkemiddel for å sikre investeringar på mindre mjølkebruk. Å redusera kvotetaket frå dagens 900 tonn til 450 tonn, har sikkert stor symbolverdi for Småbrukarlaget, men det kan fortsatt føre oss ned mot 3000 mjølkeprodusentar.
Er dette eit problem? Mange har kapasitet i fjøs og robot til å auke produksjonen, og er mest opptatt av korleis dei kan få billigare kvote. Då er det lett å tenkja at dess fleire som sluttar dess betre.
Allereie digital abonnent?
Logg inn her
Sjå veiledning for korleis du bytar passord.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss ein epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer
eller kontakt oss på telefon 51 88 72 61.




