
Prioritert: Ombygging til lausdrift i mjølkefjøs med under 30 kyr står øvst på prioriteringslista til Innovasjon Norge Rogaland i år. Det tar ein stor jafs frå potten. Illustrasjonsbilete.
IBU-midlane renn ut av potten hjå Innovasjon Norge Rogaland, men det er fortsatt midlar å søka på.
Jane Brit Sande
Dette kom fram på eit møte som vart arrangert av Innovasjon Norge Rogaland (IN), Statsforvaltaren i Rogaland og Rogaland Fylkeskommune i førre veke.
Råkar generasjonsskifta
Olav Tegle og Aart-Dirk van Zanten Magnussen, finansieringsrådgivarar i IN, sa at dei rekna med å vere ferdige med å gå gjennom alle søknadane til mjølkebruk innan månadsskiftet februar/mars. Ombygging til lausdrift i mjølkefjøs med under 30 kyr står øvst på prioriteringslista i år.
– Me prioriterer prosjekt med byggestart i inneverande år. Kan du venta med å starta opp, bør du også venta med å søka om støtte til neste år, sa Magnussen.
Deretter kjem gjødsel– og fôrlager, landbruksbaserte næringar – lokalmat og reiseliv, og generasjonsskifte til sist.
Den store pågangen syner at det er stor investeringsvilje i landbruket, i følgje Tegle og Magnussen.
Allereie digital abonnent?
Logg inn her
Sjå veiledning for korleis du bytar passord.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss ein epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer
eller kontakt oss på telefon 51 88 72 61.






