Rundballen

24. oktober 2025 | Leiarar

O Rundballe,
du kvite, tunge kladd i åkerlandet
Traktor-egg, siloball, i stabel eller rekke eller som einsam, nattlysande måne
Ein junikveld, nylagte egg spreidde over heile den vide enga før bonden
varsamt samlar dykk i reiret sitt

Ein januardag brutalt punktert av rundeballespidd, avkledd og dumpa
blant oksar som riv deg i filler, men du gliser og veit at brørne og
søstrene er mange og vil bli fleire så lenge gras veks, så lenge rundballe-
pressene dunkar og summar og pakkar og opnar seg og verp og lukkar
seg og opnar seg

O Rundballe,
du som gjer dei høge siloane overflødige, dei ein gong så potente
gardsbruk-fallosane, dei som drap bønder med giftgass og fall frå store
høgder. No kan ein banke på siloane og det kling tomheit, ein kan rope
i dei og det kling tomheit

I deg, O Rundballe, pressar tusen kilo rått fôr mot den tynne plastfilmen
og vil ut og skape kjøt og mjølk. Fugl ut av egg, blad ut av knopp,
Menneske ut av skap, den pinte ut av helveteselden, seigt fôr ut av plast-
film og inn i kumage, sauevom, inn i ein rytme av drøvtygg og fødsel og
slaktebil og kjøtdiskar og mjølkekartongar

Det ein gong frie vindvaiande graset, no som fermentert eng med
enteriobakteriar, mjølkesyrebakteriar, smørsyrebakteriar, ammoniakk,
listeriabakteriar, clostridiesporer, gjærsopp og eddiksyre. Ein kjemisk
festival med Landbruksbanken og Felleskjøpet som hovudsponsor
Rundballane renn frå landbrukets eggstokkar

O, Rundballe

Sigmund Løvåsen frå diktsamlinga
«Med øksene dei haustar inn», Samlaget, 2018


DEI SISTE LEIARANE:

Sommarminna bleiknar aldri

Sommarminna bleiknar aldri

Det kjennest som ein augneblink. Våren var akkurat her og gjorde verda ljos. Så, vips, er sommaren på plass med lauvtunge tre og frodige grøne enger.

Bonde med livet som innsats

Bonde med livet som innsats

Endeleg betre velferdsordningar for bønder. Mange har ytra glede for at akkurat denne biten av jordbruksavtalen sikra betring for både bønder som får barn og har sjuke barn. Maksimalgrensa for tilskot til avløysing er også auka.

Er det greitt å sove i timen?

Er det greitt å sove i timen?

Stadig fleire forbrukarar vil ha økologisk mat. Då vert alternativet for mange å velje mat frå andre land. I Norge har me mellom anna underdekning på økologisk mjølk. Samstundes vel meierisamvirket å ikkje nytte all den økologiske mjølka som blir produsert som økologisk.