I medvind og storm
Jofrid Åsland Gilje
Kva veg bles vinden? Skal me tru tall frå både Statistisk Sentralbyrå og NIBIO går det ganske bra for mange bønder. Særleg heiltidsbøndene har positiv inntektsutvikling. I denne utgåva av Bondevennen kan du lese om Robert Frøysland. Han er heiltidsbonde med ti kyr og ti sauer. Han venter på kva framtida vil bringe. Blir det endring?
Kven skal med?
Like sikkert som at vårvinna tek til så fort sola tiner frosen mark, er det at jordbruksoppgjeret kjem hakk i hæl. Her ligg rammene for kvardagen til mange bønder. Endringar kan for alvor skyve mindre bruk heilt ut av dansen. I ein fersk rapport frå NIBIO ser me at bønder i Møre og Romsdal og Vestland tener mindre enn landsgjennomsnittet. Med til det uvisse biletet høyrer også ei uroleg verd med fare for kostnadsauke. Det kan tære på den tøffaste å leve i det uvisse. Kven skal med vidare, og kven skal ut?
Med fjøsbriller på
Bonde- og småbrukarlaget vil ha fleire bønder i sin beredskapsplan, der produksjon av mat er ein del av beredskapen. Medan Norges Bondelag melder om rekordmange innspel frå lokallaga til årets jordbruksoppgjer. Engasjementet spirer godt i landbruket.
– Sjølvsagt er mattryggleik ein viktig del av beredskapen, seier mange med fjøsbrillene på. Dessverre er ikkje dette sjølvsagt for folk flest, men engasjementet veks også her. Landbruksdepartementet opplyser at lokalmat veks raskare enn marknaden generelt. Det kan tyde på at folk flest er meir opptekne enn før av kvar maten kjem frå.
Mat på bordet
Tilbake til Frøysland. Bonden venter med investeringar, samstundes som han håper at styresmaktene innser at me treng både små og store bruk.
– Me er jo prisgitt at staten ynskjer å ha småskalabruk som vårt, seier han.
Det er ikkje vanskeleg å forstå at bonden kjenner seg prisgitt avgjerslene til dei som styrer, samstundes bør det vere liten tvil om at me treng så mange bønder som mogleg. Gitt at alle forstår kor viktig det er å ha mat på bordet.
Gjennom stormen
Landbruket har vore gjennom store endringar og diskusjonane er mange. I denne utgåva av Bondevennen får du også ein artikkel om danske superproduktive kyr. Det kan verke mikroskopisk i selskap med klimapolitikk og krig, men det er i dette spennet me lever liva våre. Slik vil også Bondevennen vere i framtida. Bladet med djupe røter i landbruket er ikkje verna mot endring. Med ny redaktør på plass, vil Bondevennen halde fram med å vere bonden sin venn i medvind og motvind. Ein venn av slaget som skryter, men også våger å gi konstruktiv kritikk. Ingen kan stole på den som berre snakkar den vegen vinden bles.
DEI SISTE LEIARANE:
Lag ein grøn slagplan
Sjølv om frosten har sloppe taket, kan det isa kaldt nedover ryggen hjå hardbarka bønder. Dei siste par vekene, etter at plussgradene kom, har mange speida intenst etter grøne livsteikn i gulbrun eng.
Rydd opp i målkonfliktane
Vegen mot det robuste lågutsleppssamfunnet er strødd med målkonfliktar. Dei trugar med å punktera visjonen om ei betre framtid.
Riktig å reforhandla
Sjølv den mest krampepositive sørvestlending bør nå innsjå at me ikkje kjem i mål med landbruket sin klimaavtale innan 2030.
