Den største oppgåva
Bothild Å. Nordsletten
Eg vil gi garden min vidare i betre stand enn då eg sjølv fekk han, seier bonden. Han er ikkje aleine om denne leveregelen. Dei fleste andre ønskjer òg å etterlata seg noko betre.
Og like fullt – saman er me elendige til å leva etter eiga lære. Det klaraste provet er tvillingkrisa me har skapt med massivt naturtap og aukande global oppvarming. Lite uttrykker mangel på solidaritet med etterkomarane våre som den kollektive rovdrifta me driv på livsgrunnlaget deira.
I førre veke kom statusrapporten «Klima i Norge», bestilt av styresmaktene. Sist rapport frå 2015 talte om kva som kunne skje som følgje av klimaendringane. Årets studie stadfestar at konsekvensane av temperaturaukinga nå gjer seg gjeldande. Døme: Ekstremvêret Hans i ‘23. Heitebølgja i sommar.
Og verre skal det bli, for globalt aukar ennå mengda CO2 i atmosfæren. Gitt at det held fram slik, kan gradestokken her heime stiga med heile 3,4 grader innan 2100, skriv ekspertane. Nedbørsmengda, som alt har auka med 20 prosent sidan 1900, kan auka med ytterlegare 11 prosent. Saman vil dette kunne føra til meir styrtregn. Meir flaum. Fleire heitebølgjer. Oftare tørke. Og kortare vintrar.
Dette vil i så fall påverka alt og alle. Byane, kysten, fjellsidene. Økosystema, jordbruksareala og matproduksjonen. Rapporten tilrår at me må kutta langt meir i utsleppa våre, og tilpassa oss – jo før, jo heller. Rapporten gir òg viktig kunnskap og grunnlag for lokale og nasjonale styresmakter, samt næringslivet til å endra – og førebu seg. Les den.
For næringslivet, det er også deg, bonden. Særleg blir måten du driv areala dine på stadig viktigare for å hanskast med utslaga av meir uføreseieleg vêr.
For somme kan alt ansvaret for «klimajobben» synast overveldande. Som fleire har klaga over i den seinare tids jordbruksdebatt om metanhemmarar og mineralgjødselavgift, så kan det òg bli vel mykje klimasnakk. Nokre stemmar har vidare påpeikt kor absurd det verkar når klimaskytset’ blir retta mot kyr og matprodusentar, medan folk flest flyg og forbrukar utan tilsynelatande tanke for morgondagen.
Bønder gjer rett i å påpeika denne bjelken i storsamfunnet sitt auge.
Men det fritek ikkje jordbruket frå medansvar.
For så alvorlege er dei menneskeskapte trugsmåla mot både naturen og samfunnet, at kvar av oss må ta grep. Framsyn og førebuing er både fornuftig og lønsamt. Som direktøren for Miljødirektoratet, Hilde Singsaas, sa det under rapport-framlegginga: Di fleire utslepp me kuttar, di mindre må me tilpassa oss. Di betre me tilpassar oss, di mindre ressursar må me bruka på beredskap.
Overordna politikk og samfunnsplanlegging er viktig, men verkeleg endring fordrar også at du og eg gjer så godt me kan, der me kan: Andsynes dei næraste, i heimen, fjøset og landskapa rundt oss. Så klokt må me rusta oss nå at me den dagen då me gir det heile vidare, med handa på hjarta kan seia at «Eg gjorde mitt beste».
DEI SISTE LEIARANE:
Rydd opp i målkonfliktane
Vegen mot det robuste lågutsleppssamfunnet er strødd med målkonfliktar. Dei trugar med å punktera visjonen om ei betre framtid.
Riktig å reforhandla
Sjølv den mest krampepositive sørvestlending bør nå innsjå at me ikkje kjem i mål med landbruket sin klimaavtale innan 2030.
Fagbrev nå
Det er langt frå rikmannsklubben i Davos, NHO-møtet i Oslo og Sola-møtet til bondemønstringa på Varhaug. Felles for desse faste januararrangementa er likevel at dei prøver å analysera status og å seia noko viktig om vegen fram.


