Ta eigarskap til jorda
Bothild Å. Nordsletten
Halve den norske jordbruksjorda er nå leigd, ikkje eigd. Den jorda som ikkje er eigd av dei som driv henne sjølv har auka jamt og trutt over dei siste tiåra. SSB har sett på tala, som er omtalt av avisa Nationen. For 2024 viser dei at 4,78 millionar dekar – 49 prosent av dyrkamarka i landet – var leigd.
Samstundes blir gardane færre og større. Jordbruksareal i drift per føretak har auka frå 62 dekar i 1969 til 268 dekar i 2024. Og det leigde jordbruksarealet per gard har auka frå ni til 124 dekar.
Uansett kva ein meiner om jordleige – det er positivt at det dyrka arealet held seg nokolunde stabilt. Og å leige jord kan ha fordelar. For somme, ikkje minst grøntprodusentar med eit strengt regime for vekstskifte, kan leigejord gi fleksibilitet i produksjonen. Nokre bønder på minstepensjon set nok også pris på dei kronene dei får for å leiga ut arealet sitt. I tillegg veit me at slektshistorie, kjensler og identitet spelar ei sterk rolle når ein vel å eiga jord ein sjølv ikkje kan eller vil driva, heller enn å selje henne.
Når stadig meir jord blir leigd ut pressar spørsmålet seg likevel på: Kan landbruket ta alle samfunnsansvara sine med denne eigarstrukturen?
Lista over næringa sine ansvar og plikter går nå nemleg lenger enn det grunnleggjande punktet, som er å produsera mat, og stadig meir mat. I tillegg skal bøndene taka vare på jordkvaliteten, naturen og miljøet. Og transport- og klimautslepp skal kuttast.
Me veit at ikkje alle bønder steller leigejord like godt som eigd. Drenering, kalking og anna jordforbetrande arbeid er ressurskrevjande. Ikkje minst når tida er knapp, lønsemda låg og leigeavtalen tidsavgrensa.
I tillegg gir leigde, spreidde teigar ofte meir «dekk-og-diesel-jordbruk», med meir transporttid, meir drivstoffbruk og tilsvarande klimautslepp. Vidare er det ikkje særleg motiverande for den aktive bonden når ein monaleg del av inntektene, iallfall i pressområde, må gå til å betala passive jordeigarar, heller enn til investeringar i eige produksjonsgrunnlag.
Professor emeritus Reidar Almås har tidlegare vist til korleis motsettingar mellom den som eig jorda og den som driv henne kan føra til politisk uro, økonomisk ulikskap og manglande produksjon og produktivitet. I lys av den store delen leigejord har Almås lufta tanken om ein jordreform.
Kanskje det. Kanskje held det med justeringar i dagens regelverk. Tida er uansett inne for å ta grundig tak i problematikken. Me treng klårare nasjonale analysar og føringar for korleis me skal få opp sjølvbergingsgraden. Og det på ein måte som både bønder, bygda, forbrukarane, jordhelsa og naturen kan trivast med.
At jorda blir driven, og korleis ho blir driven er det vesentlegaste. Men kven som eig henne spelar openbart også ei rolle.
DEI SISTE LEIARANE:
Den største oppgåva
Eg vil gi garden min vidare i betre stand enn då eg sjølv fekk han, seier bonden. Han er ikkje aleine om denne leveregelen. Dei fleste andre ønskjer òg å etterlata seg noko betre.
Rundballen
O Rundballe,
du kvite, tunge kladd i åkerlandet
Traktor-egg, siloball, i stabel eller rekke eller som einsam, nattlysande måne
Ein junikveld, nylagte egg spreidde over heile den vide enga før bonden
varsamt samlar dykk i reiret sitt
Vedlikehald i ville tider
Eigentleg er det ganske vilt å arrangera ei landbruksmesse av Agrovisjon sitt kaliber i 2025. Verda er ein endå skumlare plass enn sist gong kjempearrangementet gjekk av stabelen i Stavanger i 2022.


