Fagbrev nå
Bothild Å. Nordsletten
Det er langt frå rikmannsklubben i Davos, NHO-møtet i Oslo og Sola-møtet til bondemønstringa på Varhaug. Felles for desse faste januararrangementa er likevel at dei prøver å analysera status og å seia noko viktig om vegen fram. I det nye stormaktsmoldroket er båe oppgåver vanskelege.
Anten det handlar om geopolitikk, økonomi eller matproduksjon kan me likevel konkludera som følgjer: At verda slik me kjenner henne er i rask endring. At kvar del av samfunnsveven må styrka beredskapen sin. Og at du, så vel som heile sektorar, må sikra kompetansen som trengst for å kunne leva greitt gjennom omveltingane som kjem.
I så måte står også bøndene på Varhaug og andre stader andsynes ei stor utfordring. Og det handlar ikkje berre om kor få av dei som har aggregat.
Eit aggregat kan kjøpast frå ein dag til den andre.
Verre er det med det stadig minkande talet på kompetente fagfolk til alle delar av landbruks- og matnæringa. Anten det er snakk om agronom-eksaminerte matprodusentar, landbruksmekanikarar, rådgjevarar eller jordbruksbyråkratar, så blir dei stadig vanskelegare å finna.
Det lovar ikkje godt for målet om auka sjølvforsyningsgrad eller styrkt samfunnsberedskap.
Ei samla landbruks- og matnæring i Rogaland fortvilar i ei slik grad at dei under ei utdanningsmesse i Stavanger nyleg, gjorde felles rekrutteringsframstøyt under banneret «Velg mat».
Men kvifor vel ikkje ungdomen mat- og landbruksfag? At «oljå» enda kan lokka med fine titlar og høge løningar spelar klart inn, ikkje minst i Sør-Vest. Knytt til olja er også eit heilt økosystem av industribedrifter som tilbyr spanande lærlingordningar på vegen mot fagbrev og status og, ikkje sjeldan, fast tilsetting.
Landbruket og matnæringa er òg eit økosystem. Men i motsetting til industrien, har ikkje landbruksinteressert ungdom, med nokre få unntak, tilbod om læreplass og fagbrev. Fagutdanning er i vinden som aldri før, men verdas viktigaste yrke står att som den siste praktiske utdanninga kor elevane blir sitjande tre å på skulebenken.
I det verda endrar seg, må også landbruks- og matutdanninga endra seg.
Bondevennen meiner derfor det er på høg tid å landa debatten om fagbrev i landbruket. Me må få på plass ei utdanning som freistar ungdomen inn i yrket. Ei utdanning som rustar dei, både praktisk og teoretisk, til å bli dyktige matprodusentar. Noko anna har me ikkje råd til.
For forvalting av fotosyntesen, slik bonden driv med, er ikkje mindre viktig enn forvaltinga av det fossile karbonet, slik industrien driv med. Landbruksfaget er også vel så komplekst som industri og mekaniske fag.
Då er det eit paradoks landbruks- og matfag ikkje har høgare status enn det har.
Eit fagbrev sikrar ikkje berre kunnskapsnivået i næringa. Det vil også heva statusen. Slik kan det gjera landbruks- og matsektoren meir attraktiv for ungdomen. Det må den bli – snarast.
Det kan synast langt frå den geopolitiske scena til den norske agronomi-timen. Men over det storpolitiske moldroket må me nå kunna sjå korleis dei to heng saman.
DEI SISTE LEIARANE:
Julenissen, hugs Rogaland!
Rogalandsbonden kjem langt med sitt sagnomsuste pågangsmot, men han lyt òg ha pengar.
Ta eigarskap til jorda
Halve den norske jordbruksjorda er nå leigd, ikkje eigd. Den jorda som ikkje er eigd av dei som driv henne sjølv har auka jamt og trutt over dei siste tiåra. SSB har sett på tala, som er omtalt av avisa Nationen.
Ein klok pause
Norsk melkeråvare melde i førre veke at dei set bruken av det metanhemmande middelet Bovaer på vent. Pausen kjem i påvente av meir kunnskap om kva som har gitt negative følgjer i enkelte besetningar i Danmark.



