Sending pågår! Ei lang rekke bønder, rådgjevarar, ekspertar og politikarar var innom og delte sine perspektiv på Bondevennens live podcast-sending under Agrovisjon.

Høy-proffer: Vegard Hjelmeland (t.v.) i Kvinnherad kommune har produsert høy i årevis. Even Landrød (t.h.) i Trøndelag produserer høy med tørkesystem for rundballar til grisene dine. Foto: Gina Eriksen Albrethson / Privat

PODCAST:

Høyr på høy!

27. februar 2026 | Aktuelt, Podcast

Burde høy vore meir brukt i Noreg?

Årets første Bondevennen-podcast er klar til lytting. Her går Ingvild Luteberget Nesheim i detalj om alle ting om høy. I Noreg blir høy stort sett brukt til hest. I Austerrike og Sveits, derimot, blir høy brukt i stor utstrekning. Grunnen er den store produksjonen av upasteurisert ost. Tørt høy gir nemleg mindre hygieneutfordringar, ikkje minst mindre sporar, enn surfôr, noko som er alfa og omega i osteproduksjon.

Visst er høy eit fantastisk fôr til drøvtyggjarar. Og visst luktar det godt, det gir godt inneklima og reine dyr. Men er det noko for bønder i vêrharde, ofte regnfulle Noreg? Til hesten, kalven, grisen? Risikosport, kanskje?

I episoden blir du kjent med Vegard Hjelmeland i Omvikedalen i Kvinnherad kommune.  Han har drive profesjonelt med høyproduksjon i over 20 år. Han har hatt fleire typar høytørkar og tørka både første-, andre- og tredjeslåtten. Resultatet sel han til hestemarknaden, nokre sauebønder, til bruk hjå kalv og alpakka. Hjelmeland meiner faktisk at haustelinja for høy kan vera billegare enn for grovfôr, sjølv med stort straumforbruk til tørka.

Du får også treffa Even Landrød som driv med duroc-gris i Trøndelag. Han har investert i eit tørkesystem for rundballar og brukar høyet til å stabilisera magen på grisen, samt som populært rotematerial.

Av Ingvild Luteberget Nesheim får du i tillegg høyra meir om fôrverdien av høy, fordelane og ulempene.

Podcasten Bondevennen er sponsa av BondeKompaniet.

Du finn podcasten Bondevennen, inklu­dert det store arkivet med tidlegare episodar, der du lyttar til podcast eller via spelaren under.

Stikkord denne saka: