Kalk til beite:

Biokalk blanda i husdyrgjødsla er

ein god måte å bidra til å heve pH på innmarksbeite. Illustrasjonsfoto.

Hev pH på beite: Biokalk blanda i husdyrgjødsla er ein god måte å bidra til å heve pH på innmarksbeite. Illustrasjonsfoto.

Praktiske tips og råd til gjødselvareforskrifta

28. april 2026 | Aktuelt

Ny gjødselvareforskrifta byr på store utfordringar, men òg moglegheiter.
– Moglegheitene ligg i å kalke opp jorda og bli ein betre grovfôrdyrkar, seier Svein Olav Tengesdal.

Liv Kristin Sola

Etter 15 år med snakk om ny gjødselvareforskrift, var det tidlegare landbruksminister, Geir Pollestad (Sp) som klarte å landa dette arbeidet før han gjekk av som statsråd.

– Akkurat det trur eg me skal vere nøgde med, seier Tengesdal.

Etter 30 års som fagkonsulent ved landbrukskontoret i Bjerkreim og aktiv bonde, har Tengesdal sett seg godt inn i den nye forskrifta. I vinter har han vitja fleire kommunar i Rogaland for å gi bøndene ei praktisk innføring i kva som er nytt og korleis dei best kan tilpasse seg. Bondevennen fekk bli med då han vitja bøndene i beitekommunen Gjesdal.

– Det er mykje som er nytt og ein del som framleis ikkje er heilt på plass, og endringane skjer gradvis. Så me tar det på eit praktisk nivå, seier han, og legg på første plansje.

Erfaren rådgivar: Svein Olav Tengesdal

har 30 år som fagkonsulent ved landbrukskontoret i Bjerkreim bak seg,

og er mjølkebonde i Eigersund med 300 tonn

i kvote og 80 vinterfôra sauer.

Erfaren rådgivar: Svein Olav Tengesdal har 30 år som fagkonsulent ved landbrukskontoret i Bjerkreim bak seg, og er mjølkebonde i Eigersund med 300 tonn i kvote og 80 vinterfôra sauer.

Kva er nytt?

• Me snakkar ikkje lenger om GDE (gjødseldyreining), men om kilo fosfor (P) per dekar godkjent spreieareal.
• Også mineralgjødsel skal inn i fosforrekneskapen, ikkje berre husdyrgjødsla slik det har vore fram til no. Med andre ord, om du sver til NPK 25-2-6, 22-2-12 eller 18-3-15, får du ei utfordring. Dette er ei stor endring som allereie er trått i kraft frå 2025.
• Krav til gjødseljournal frå 2026. Altså no!
• Endra spreiefristar frå 1. mars til 1.september frå 2027. Det er Statsforvaltaren som kan gi dispensasjon frå  spreiefrist – ikkje kommunen.
• Silopressaft har spreiefrist 15. september.
• Krav til åtte månadar lagring av gjødsel, som før. Større anlegg for gris/fjørfe må ha tak over utvendig kumme.
• Nokre husdyr har fått lågare krav til tal daa per dyr, andre har fått strengare krav. Dette trådde i kraft frå 1. februar 2025.
• Tal fosfor per daa innmarksbeite er sett til to kilo per daa. Me snakkar om nettoareal, altså fråtrekk for stein.
• Du må ha godkjenning for å nytta all gjødsel på innmarksbeite, både mineralgjødsel og husdyrgjødsel.
• For fulldyrka jord og overflatedyrka jord er det trinnvise overgangsordningar fram til 2033.

Tengesdal trekk fram to punkt han vil bøndene skal hugse:

– Me går frå GDE til fosfor per dekar, og me kan nytte to kilo fosfor per dekar innmarksbeite, nettoareal. Og her blir det inga nedtrapping. Dette er godt nytt for beitekommunar som Gjesdal og Bjerkreim.

«Me går frå GDE til fosfor per dekar,
og me kan nytte to kilo fosfor per dekar innmarksbeite, nettoareal.»

Svein Olav Tengesdal

Trinnvis endring

Rogaland har fått sin eigen nedtrappingsplan for bruk av fosfor per dekar fulldyrka og overflatedyrka jord.

– Me er heldige samanlikna med andre fylke som må redusere til 2,3 kilo fosfor per dekar frå 2033. Det er ikkje så mykje meir enn det som er grensa for godkjent innmarksbeite på to kilo, seier Tengesdal.

Følgjande nedtrapping gjeld for Rogaland – per daa fulldyrka/overflatedyrka jord:

• 2026: 3,5 kg P
• 2027 til 2029: 3,1 kg fosfor (P)
• 2030 til 2032: 3 kg P
• Frå og med 2033: 2,7 kg P

– Dette gir oss litt tid til tilpassing. Bruk tida godt og ikkje vent til siste slutt, rådar Tengesdal.

Figuren viser samanhengen mellom pH i mineraljord og plantene si evne til å ta opp nærings­stoff. Jo meir grønt det er i feltet, dess meir tilgjengeleg er næringsstoffa for plantene.

Kilde: Fakta ark; Kalk og kalking, Grovfôr 2020.

Større avling med optimal pH: Figuren viser samanheng mellom pH i mineraljord og plantene si evne til å ta opp nærings­stoff. Jo meir blått det er i feltet, dess meir tilgjengeleg er næringsstoffa for plantene. Meir næring – større avling. Kilde: Fakta ark; Kalk og kalking, Grovfôr 2020.

Ta ut avlingspotensialet

Noko av det viktigaste når bønder no skal tilpasse seg den nye gjødselbrukforskrifta, er ifølgje Tengesdal å auke pH i jorda og ta ut avlingspotensialet i grovdyrkinga, både på dyrka jord og på beite.

– Her har mange av oss ein del å gå på, spesielt på innmarksbeite. pH er for låg, og me har for lite potensiale til å ta opp den fosformengda som me tilfører, seier han.

Rådet fram mot 2033 er å ta fleire jordprøvar, ikkje minst på beite, og kalke opp jorda slik at du sikrar ein pH som gjer at plantane tek opp optimalt med fosfor.

– Det er kanongod økonomi, seier Tengesdal.

Ny fôringslinje: I mai 2024 kunne dei endeleg ta i bruk den nye fôringslinja med formiksar og bandfôring og blande fullfôr til flokken.

Meir fôr – meir mjølk – meir skit: Joda, kua skit meir enn før, rett og slett fordi ho et og produserer meir enn før.

Jo, kua skiter meir enn før

– Skiter kua meir enn før? Tengesdal utfordrar bøndene i salen. Dei er litt usikre, men Tengesdal er ikkje i tvil. Og logikken er enkel.

Det gamle regelverket var basert på husdyrproduksjonen på 1980-talet. Mykje har skjedd sidan den gong.

– Kua eter meir og mjølker enormt mykje meir. Og ho skiter meir enn før. Det er denne produksjonsauken og auken i kilo fosfor utskilt per dyr som gjer innskjerpinga i regelverket, stadfestar Tengesdal.

Flere purker med grisunger er satt i samme binge.

Reduksjon for gris: For slaktegris er det ei halvering i utslepp av fosfor frå 0,7 kilo P til 0,37 kilo P.

Uendra for sau: For sau er status fosfor i gjødsla uendra. Det betyr at ein sau slepp utt 2 kilo fosfor.

Uendra for sau: For sau er status fosfor i gjødsla uendra. Det betyr at ein sau slepp utt 2 kilo fosfor.

Endringar i utskilt gjødsel per dyreslag

Med det gamle regelverket var 1 mjølkeku = 4 daa fulldyrka jord = 14 kg P.

Mjølkeku: Nå er mjølkeku delt i tre grupper etter ytelse, basert på mjølkeleveranse:

• Under 7000 liter/ku: 13 kg P
• Mellom 7000 og 9500 liter/ku: 15 kg P.
• Over 9500 liter/ku: (10000)= 18 kg P.

Ungdyr før 4,67 kg P pr. dyr – Nå 5 kg P pr. dyr + 7 %

Ammeku: Liten reduksjon

Sau: 2 kilo P – inga endring.

Slaktegris: Endring frå 0,7 kg P til 0,37 kg P per slaktegris. Kravet til areal for full konsesjon på 2100 slakta gris er redusert frå 420 dekar til 222 dekar. OBS! Du må ta høgde for at den innskjerpinga i fosformengde per dekar som kjem frå 2033.

Purker får ei innskjerping på 3 kg P.

For slaktekylling er det store endringar, spesielt på saktareveksande rase.

Stikkord denne saka: