Gassfare: Sjølv kortvarig eksponering av gjødselgass kan få alvorlege konsekvensar – også utandørs.

Gassfare: Sjølv kortvarig eksponering av gjødselgass kan få alvorlege konsekvensar – også utandørs.

ATTLEGG:

Åtvarar mot gjødselgass – også utandørs

9. mai 2026 | Aktuelt

Pass på. Ein av fem norske storfe- og svineprodusentar svarar at dei har opplevd ei hending knytt til gjødselgass.

Sjur Håland

Det viser ei undersøking gjennomført ved Arbeidsmedisinsk avdeling ved St. Olavs hospital.

Forskarane åtvarar om at farlege situasjonar ikkje berre oppstår inne i fjøs og gjødselkjellarar, men også utandørs i samband med omrøring av husdyrgjødsel.

Store gassmengder

Når gjødsla blir rørt opp, kan store mengder gass bli frigjorde frå kjellaren og trekkja opp i fjøset. Samstundes blir det danna ny gass under sjølve omrøringa, noko som kan gjera situasjonen farleg i fleire timar.

– Mange blir overraska over kor raskt gassen kan påverka kroppen. Sjølv kortvarig eksponering kan gi svimmelheit, kvalme, hoste eller pustevanskar. I høge konsentrasjonar kan hydrogensulfid slå ut luktesansen og føre til bevisstheitstap, seier forskar Ellen Johansen ved St. Olavs hospital i ei pressemelding.

Kan vera dødeleg

I undersøkinga skildrar bønder fleire situasjonar der både folk og dyr er blitt påverka av gass under omrøring. I nokre tilfelle har menneske blitt akutt sjuke eller døydde, og kvart år døyr også dyr i samband med gjødselhandtering.

Fagmiljø peikar på at mange alvorlege hendingar skjer når folk prøver å redda dyr eller kollegaer som alt er påverka av gassen. Dersom ein mistenkjer farlege gassnivå, er rådet å stansa omrøringa og sørgja for utlufting utanfrå. Ikkje gå inn i fjøset eller ned i kjellaren.

Testar gassmålarar

Det blir no arbeidd med ein nasjonal rettleiar for trygg handtering av blautgjødsel, planlagt ferdig før våronna i 2027. Som del av arbeidet blir personborne gassmålarar testa for å sjå om dei kan gi betre varsling under omrøring av gjødsel og ved redningssituasjonar.

Gjødselgassprosjektet er eit samarbeid mellom fleire fagmiljø og landbruksaktørar, mellom andre Norges Bondelag, Mattilsynet, Norsk Landbruksrådgiving og Stiftelsen Norsk Mat.

Kjelde: Pressemelding frå St. Olavs hospital/NLR

Stikkord denne saka: