BONDETINGET:

Klar tale frå grasrota

29. juni 2026 | Aktuelt

Lyden av Bondetinget er lyden av driftige menneske med sterkt engasjement for landbruket og menneska som driv det. Her er litt av lyden frå årsmøte i Norges Bondelag, som gjekk av stabelen 10. og 11. juni.

Hilde Elin Østerhus​

​Maren Grini, Innlandet

– Eg veit ikkje kva slags matematikk dei brukar i departementa, men hjå oss blir det ikkje fleire liter mjølk av mindre handlingsrom.

 Maren Grini frå Innlandet opplever stadig aukande avstand mellom politiske mål og praktisk verkelegheit.

– Vi bønder blir nå møtt med to bodskap på same tida:

«Produser meir mat – men bruk mindre jord. Auk sjølvforsyninga – men ha færre dyr. Styrk beredskapen – men ta kostnaden sjølv.»

Grini ber Norges Bondelag sørge for at nye miljøkrav i framtida går hand i hand med auka matproduksjon, og oppmodar vidare:

– Konsekvensen av nye krav kan bli færre bønder, mindre matproduksjon og meir import. Då har vi verken styrka miljøet eller beredskapen. Då sit vi att med å ha eksportert problemet, og importert maten, avsluttar ho. 

Maren Grini

Ida Kleppe

Ida Kleppe, Vestland

– Eg såg på Bondelaget som ein tungrodd og konservativ organisasjon, samansett av til dels sveiseblinde menneske blotta for evne til å sjå samanhengar og ynskje framsteg.

 Ida Kleppe frå Vestland er forfriskande ærleg om sin inngang i Bondelaget. Inntrykket hennar vart tilbakevist.

– No forstår eg at nokon vil ha ammekyr, sjølv om dei er klimaverstingar. Eg har blitt skeptisk til bortfall av sprøytemiddel, sjølv om eg sverja til økologisk dyrking. Og eg skjønar at ei ku meir vil løne seg, for eg er tross alt sunnmøring.

Kleppe forstår desse haldningane, men er likevel ikkje samd. Ho oppmodar til å halde fokus på  miljø og klima som ei av dei viktigaste sakene i jordbruket. Ho ynskjer auka produksjon av frukt og grønt, og argumenterer med at Noreg er kupert, lokalmat sel godt og sjølvfor­syninga skal opp. 

Kleppe ber også om avløysartilskot for grøntprodusentar:

– I sesongen kan eg ikkje vere vekk meir eitt kvarter før blomkålen går i stokk. Å vere ein berekraftig grøntprodusent bør sjåast som det ypparste Noreg har å by på!

 

Kristian Sætre, Vestland

– Me driv ei næring me skal vera stolte av, men må få på plass meir kunnskap for å drive med dyrehald.

 – Som husdyrprodusent har du ansvar for meir enn berre deg sjølv og din eigen økonomi. Du skal og sitta på ein enorm mengde kunnskap om dyrehold, grovfôrproduksjon, fôring og mykje, mykje meir, seier Kristian Sætre frå Vestland. 

På kort tid har han vore vitne til to stygge dyretragediesaker, og den erfaringa har fått han til å tenkje.

– Eg seier ikkje at me hadde vert forutan desse sakene med fleire krav. No har eg kjent på det, snakka med mange nyoppstarta bønder, og vore med på å starte opp bondens nettverk
lokalt. Då har tanken på at me må få på plass meir kunnskap før ein startar med dyr, “slått meg” oftare og oftare.

Han føreslår vidare at det bør kome krav om utdanning eller annan kompetanse, for å kunne starte opp med husdyr, minst eit kurs om det grunnleggjande, og gjerne ei mentorordning dei fyrste to åra ein driv husdyrproduksjon.

 

Kristian Sætre

Kari Anne Aaby

​Kari Anne Aaby, Akershus

– Eg omgir meg dagleg med menneske som har overraskande låg kompetanse og innsikt i norsk matproduksjon. Likevel er dette menneske med makt, -reell makt og definisjonsmakt.

 – Det er store område i vårt fylke som ikkje eigner seg til anna enn grasproduksjon og beiting, område som vil gå ut av drift viss vi mister fleire beitedyr no, seier Kari Anne Aaby frå Akershus.

Låge inntektsmoglegheiter bremsar investeringsevna, mange bønder har gitt seg, og fleire fell frå ved generasjonsskifte.

– Eg omgir meg dagleg med menneske som har overraskande låg kompetanse og innsikt i norsk matproduksjon. Dette hindrar dei ofte lite frå å ha sterke og feilaktige meningar om næringa. Likevel er dette menneske med makt, -reell makt og definisjonsmakt, poengterer ho og legg til:

– Det som kjenneteiknar desse menneska er at dei er høgt utdanna, dei har gjennomsnittsinntekt per familie på 1,7 millionar kroner, dei har tilgang på 2,3 hytter, dei køyrer elbil, reiser i snitt med fly 2,5 gonger i året og dei er samfunnsengasjerte.

Dette er samfunnets aller mest forbrukande individ, og dei har kjøttfri onsdag på grunn av klimaet.

Ho meiner Landbruket treng å møte desse menneska med kunnskap, og er derfor fortvila over at så få lamme- og storfekjøttprodusentar har teke i bruk Klimakalkulatoren, som kunne ha stadfesta norsk kjøtproduksjon som  klimaeffektiv.

Trond Bergskås, Telemark

– IBU-ordninga bør følge den verkelegheita bøndene faktisk står i.

 Trond Bergskås frå Telemark ynskjer modernisering av retningslinjene for Midlar til investering og bedriftsutvikling (IBU-midla), slik at også mobile einingar og nye teknologiske løysningar kan gjelde i IBU ordninga.

– Dagens skilje mellom fast og mobilt utstyr er rett og slett utdatert, og stenger døra for mykje av den mest moderne og kostnadseffektive teknologien som finst på marknaden, seier han og viser bilete av mjølkerobot og maskin som haustar
eple. Begge deler er teknologi som effektiviserer arbeid, men berre ein av dei er godkjend for støtte i dag.

Han viser vidare til at svak lønnsemd står i vegen for teknologisk utvikling i landbruket. Støtte frå Innovasjon Norge vil gjere det mogleg for fleire bønder å ta i bruk ny teknologi, og slik styrke konkurransekrafta i næringa.

– Mykje av dagens teknologi er eigna for samdrift og samarbeid, og regelverket bør støtte opp under dette, IBU-ordninga bør følge den verkelegheita bøndene faktisk står i, seier Bergskås.

Trond Bergskås

Åsbjørn Høyland

Selmer Wathne

Åsbjørn Høyland og Selmer Wathne

Gambling med den jærske drivkrafta.

 Bondevennen treff Åsbjørn Høyland og Selmer Wathne på Bondetinget, der dei var blant utsendingane frå Rogaland.

Dei uttrykkjer misnøye med Bonde­laget sitt krav i jordbruksforhandlingane.

– Me opplever å bli tatt for gitt, og det skal bondelaget vere litt varsame med, seier Åsbjørn Høyland og viser til det dei kjenner på som nedprioritering av mjølkeprodusentar i dei låge sonene.

I årets jordbruksforhandlingar var regjeringa sitt tilbod til mjølkeprodusentane i lågare soner, betre enn det landbruket sjølve bad om i sitt krav.

– Det var brei einigheit om at sau og ammeku skulle løftast i år, men det kjennest påfallande at mjølkebruka i dei lågare sonene vart nedprioritert av sitt eige faglag, seier Selmer Wathne, og held fram;

– Det framstår som svært provoserande for våre produsentar. Det hadde vore veldig mykje betre om Bondelaget i kravet berre hadde lete mjølka stå i ro, framfor den forskjellsbehandlinga som vart gjort no. Auken etter inngått avtale, var dobbelt så stor i sone 5B, jamført med sone 2.

– Me er alle einige om at det skal vere skilnad mellom Jæren og andre regionar, men ikkje så mykje? Volumprodusentar har den største kostnadsauken slik ting er no. Av det eg kjenner til, har både diesel- og gjødselprisane auka likt i landet, seier Wathne.

– Rart å snakke om jamstilling, og så endar me opp med eit resultat som tek oss lenger vekk frå jamstilling enn me var i fjor, seier Høyland.

Med hjarte for bygda

Les òg artikkelen:

Med hjarte for bygda