– Allereie frå nyttår må bøndene i Rogaland finne løysningar når nær eitt tonn husdyrgjødsel per dekar skal bort frå det fulldyrka arealet i fylket, seier Monica Dahlmo. Foto: Thea Hjertuslot

– Allereie frå nyttår må bøndene i Rogaland finne løysningar når nær eitt tonn husdyrgjødsel per dekar skal bort frå det fulldyrka arealet i fylket, seier Monica Dahlmo. Foto: Thea Hjertuslot

Lesarbrev til Bondevennen (har også vore i Nationen).:

Er Rogaland klar til å møte innstrammingane i gjødselbrukforskrifta?

13. august 2026 | Dessutan, Lesarbrev

Nei, er mi vurdering ut frå sommarens trykk i media i spreiearealsaka.

Monica Dahlmo, landbruksdirektør hos Statsforvalteren i Rogaland

Denne teksten er en ytring, og gir uttrykk for skribentens personlige holdninger.

Og allereie frå nyttår må bøndene i Rogaland finne løysningar når nær eitt tonn husdyrgjødsel per dekar skal bort frå det fulldyrka arealet i fylket. Kvar skal desse tonna ta vegen? Det er den harde realiteten vi må ta stilling til når bøndene skal gå ned det første steget i gjødselbrukforskrifta sine trappetrinn frå 3,5 kg fosfor per dekar til 3,1 kg per dekar.

I sitt framlegg til ny forskrift (2024) har Landbruks- og matdepartementet estimert at 1027 føretak i Rogaland vil ha overskot av husdyrgjødsel når botn av stigen er nådd i 2033. Det utgjer 28 prosent av dei søkjarane som hadde jordbruksareal i 2024. Det tok over ti år å revidere gjødselbrukforskrifta, og sjølv om innstrammingane blei mindre enn det mange frykta, blir landinga av ny forskrift hard.

«Å legge problem i ei skuff gir sjeldan gode løysningar. Arbeidet har også aktualisert problemstillinga med spreieareal som har blitt brukt på papiret, men ikkje i praksis, unøyaktige innteikningar i kart og NiN-registreringar som rommar areal som har blitt gjødsla.»

Monica Dahlmo, landbruksdirektør hos Statsforvalteren i Rogaland

Monica Dahlmo

Monica Dahlmo

Det er gjort innstrammingar i fleire ledd: Normtala for kor mykje fosfor det er i lorten frå kvart enkelt dyreslag er oppjustert med unnatak for slaktegris. Fosfor frå mineralgjødsel er inkludert i grenseverdiane, og frå 2028 krev bruk av mineralgjødsel og kalk på innmarksbeite godkjenning av kommunen. I tillegg er fosforgrensa for innmarksbeita trekt ned til 2 kg fosfor per dekar bruttoareal. Har du 10 prosent stein i beita kan du berre nytte 1,8 kg fosfor per dekar. Er det ein bekk midt inni kartinnteikninga av spreieareal, så kan du ikkje rekne denne inn i spreiearealgrunnlaget. For ordens skuld, det kunne du ikkje før heller. Men eg tek det med for å få fram poenget om at dekar bruttoareal i ei kartinnteikning må lesast klokt. Mange må også truleg legge om praksisen for bruk av fullgjødsel fordi statistikken for mineralgjødsel viser at det blei seld heile 280 tonn fosfor i mineralgjødsel i Rogaland i året 2023/2024.

Oppå alt dette skal bøndene føre gjødslingsjournal og kunne gjere greie for bruk av både husdyrgjødsel og mineralgjødsel på sine areal, samt leveransar og mottak til og frå andre.

Difor er eg ikkje overraska over at det skaper debatt når Statsforvaltaren i Rogaland seier at løysinga for fosforoverskotet i Rogaland ikkje er å gjødsle bort verdifulle naturverdiar, og gjer den upopulære jobben med å ta aktivt stilling til konflikt mellom dei gamle spreiarealgodkjenningane som går tilbake frå 1989, og naturverdiar som er NiN-kartlagde i nyare tid.

Bruk av husdyrgjødsel vil alltid kunne ha stor påverknad på både vassdrag og naturverdiar i husdyrtette Rogaland, og når innstramminga kjem på det fulldyrka arealet aukar presset på innmarksbeita. Å legge problem i ei skuff gir sjeldan gode løysningar. Arbeidet har også aktualisert problemstillinga med spreieareal som har blitt brukt på papiret, men ikkje i praksis, unøyaktige innteikningar i kart og NiN-registreringar som rommar areal som har blitt gjødsla.

«Eg ser at vi ikkje har klart å informere godt nok undervegs i denne prosessen, og det beklagar eg.»

Monica Dahlmo, landbruksdirektør hos Statsforvalteren i Rogaland

Balanserte omsyn er ikkje noko nytt i forvaltninga av gjødselressursane. Eg finn grunn til å sitere Landbruksdepartementet sine retningsliner frå 1989 « Det er en forutsetning av husdyrgjødsel ikkje spres på lyngbeite, i skog eller på annen utmark». Vidare « Ved oppstarting av husdyrhold og utvidelse av eksisterende husdyrhold må driftsomfanget tilpasses spredearealet slik at tilførselen av nitrogen og fosfor med handelsgjødsel er tilpasset plantenes behov. Dette vil normalt gi et større arealbehov enn det som er nevnt som minstekrav. Det kan ikke aksepteres etablering og/eller utvidelse av husdyrholdet der omfanget automatisk legges opp mot minstekravet for spredeareal uten at det dokumenteres at husdyrgjødsla blir disponert på en forsvarlig måte».

Eg ser at vi ikkje har klart å informere godt nok undervegs i denne prosessen, og det beklagar eg. Og eg set pris på at eg fekk høve til å gjere det direkte til dei eg traff på Finnøy tidlegare i august. Vi har tatt lærdom i at NiN-kartleggingane inneheld mykje informasjon som vi no vil bruke meir nyansert. Denne nyanseringa ønskjer vi også skal kome til gode for dei seks klagesakene som blei resultatet av vedtaka i dei fem kommunane på Haugalandet. Fire av desse er oversend Landbruksdirektoratet, og to ligg til behandling hos oss. Til saman gjeld desse klagesakene overlapp mellom naturverdiar og gamle spreiearealgodkjenningar på til saman 141,9 dekar brutto innmarksbeite.

«Mi største bekymring er at dei store løysingane for å handtere overskotsfosforet framleis ikkje er på plass.»

Monica Dahlmo, landbruksdirektør hos Statsforvalteren i Rogaland

No er vi i prosess med å vurdere vidare dei 52 sakene i Stavanger som omfattar 57 ulike gnr./bnr. (eit føretak kan disponere fleire ulike gnr./bnr.) 34 av dei 57 gjeld oppheving av gamle vedtak der det er under 15 dekar brutto innmarksbeite som er omfatta av krysskonflikta. På 16 ulike gnr./bnr. gjeld overlappet mellom 15 og 40 dekar brutto innmarksbeite. Dei mest krevjande sakene, og som med rette har fått omtale i media, er naturleg nok der det er kartlagd vesentleg med overlapp. Desse vil vi sjå spesielt nøye på, og målet er å avgrense konsekvensane så langt regelverket gir rom for.

Samstundes ser vi at debatten også famnar om problemstillingar som gjeld ordinær forvaltning av ny forskrift, og som viser det store informasjonsbehovet nytt regelverk gir. Eg seier på nytt: Vårt arbeid gjeld dei gamle godkjenningane etter tidlegare forskrift. Det er kommunane som godkjenner og fører tilsyn etter ny forskrift.

Mi største bekymring er at dei store løysingane for å handtere overskotsfosforet framleis ikkje er på plass. Biogass-anlegga treng avklaringar for korleis bioresten kan handterast. Vi har allereie meldt overordna styresmakter om behovet. Vi ser også behov for at det blir greia ut moglege ordningar for behandling og transport av gjødsel fordi vi treng overordna løysningar.

Eg håper Rogalandsbonden, politikarar og andre som har fått eit krasj-kurs i spreiearealproblematikk nyttar krafta i denne debatten til å finne gode løysingar til det beste for Rogaland.

Kjelder:
Noe færre søkere, men stabilt jordbruksareal i drift – Landbruksdirektoratet
Mineralgjødselstatistikk 2023-2024.pdf
§ 17. Godkjent spredeareal – Landbruksdirektoratet

Stikkord denne saka: