
Ivrig smågris: Smågris verdset jamn tilføring av leikemateriale i bingen. Finkutta halm gjer nytta, og gris kan leike slik griser likar å leike.
Stålkontroll i smågrisavdelinga
Den årlege statistikken frå Ingris og Animalia viser fleire lokale namn på lista over dei ti beste svinebesetningane i landet, for 2025. Sjur Aakra og Håkon Friestad er blant dei beste i landet på smågris. Kva skal til for å oppnå slike resultat?
Hilde Elin Østerhus
På Jæren driv Håkon Friestad smågrisproduksjon med konvensjonell helsestatus, i leigd grishus på Haugland i Orre. Dei siste åtte åra har namnet hans stått på lista over beste produksjonsresultat i smågrisavdelinga.
Smågrisene på Haugland blir gitt optimale høve til å gjere den jobben dei er sette til; å vekse raskast mogleg med minst mogleg bruk av kraftfôr og sjukdom undervegs. Her veks dei 714 gram til dagen, og brukar 1,51 fôreiningar per kilo tilvekst mellom 10,2 kilo inn i avdelinga, og 34 kilo vekt når dei reiser vidare til slaktegrisprodusenten. Han tapar minimale 0,1 prosent av smågrisen frå avvenning til sal.
Allereie digital abonnent?
Logg inn her
Sjå veiledning for korleis du bytar passord.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss ein epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer
eller kontakt oss på telefon 51 88 72 61.

