Eit sterkt lag: Gunnar Olav Attestog (far), Gunstein og Ingrid Austegard Lauvdal med dottera Anne på armen, Sveinung Attestog (bror).
Broderleg byggeglede i Bygland
Bratte lier og fulltidsjobb stoppar ikkje Gunstein. Han har ferdigstilt drømmefjoset og kan endeleg starte livet som mjølkebonde.
Hilde Elin Østerhus
Lytt til saken
Gunstein Attestog Lauvdal og Ingrid Austegard Lauvdal overtok drifta på Steinevodden gard 1. januar 2026. Ilag har dei dottera Anne Lauvdal, 14 månader.
Med ny driftsbygning tilpassa ressursgrunnlaget på garden kjenner han seg klar for å møte framtida som bonde på Steinevodden, med produksjon av mjølk, kjøt, skog og ved.
Ville ikkje ta heilt av
Etter ei tid med drøyming, sende Gunstein e-post til Felleskjøpet Rogaland Agder (FKRA) si Imek-avdeling, og ymta frampå om behov for fjøsteikning tilpassa sitt driftsgrunnlag. For å sikre seg mot salsapparatets velvilje til å kle innsida av fjøset med allslags formar for tekniske nyvinningar, valde han å legge til ei setning om at FKRA ikkje trong «ta heilt av med allslags robotar og sånn».
To år seinare, våren 2026, står fjøset ferdig. Her er mjølkerobot, skraperobot og sjølvgåande kløbørste til kyrne. Kostnadane enda på 11,5 millionar kroner, og mange timars hardt arbeid. Innovasjon Norge støtta prosjektet med 5,2 millionar kroner. Bygland kommune gir investeringsstøtte til landbruksbygg, på ti prosent av investeringssummen.
Nytt fjøs til ny bonde: Ein ny generasjon bønder har starta sitt liv som matprodusent i nytt, sjølvbygd fjøs.
Bygg for framtida
Bygget er 770 m2, 21 meter breitt og 36 meter langt. Reisverksbygget er fullisolert med gjødselkjellar under heile bygget, med unntak frå der kalvingsbingar er plassert.
Eit tre meter breitt fôrbrett går mellom ungdyravdelinga og ku-kalvavdelinga. I ku-avdelinga er det plass til 24 kyr, 19 i den opne avdelinga, fem i fokusavdelinga. Alle dyr kan ete eller ligge samstundes, det er to rekker liggebåsar på denne sida. Langs heile den andre sida er plassen sett av til ungdyr, her kan 48 dyr få plass. I enden av fôrbrettet har bonden valt å setje av to meter til spalteareal, denne passasjen nyttar dei når dyr skal krysse over til andre sida. Om situasjonen skulle endre seg og han får auka fôrgrunnlag eller mjølkekvote, kan kuavdelinga på enkel måte utvidast med fleire liggebåsar og eteplasser også på denne sida.
Brattlendt og bra: Å driva jordbruk i brattlendte lier har sine fordelar. Kvardagsleg utsikt for familien og dyra på Steinevodden gard.
Dyreflyt og velferd
Fokusavdelinga er ei eiga lita avdeling i fjøset. Her kan Gunstein skilje ut dyr som han ynskjer å halde spesielt auge med. Her er dei fråskild frå dei andre, men har like god tilgang til mjølkeroboten og fôrbrett som resten av kuflokken.
Frå fokusavdelinga kan Gunstein legge ned ein bom, opne ei grind, og ta kalvingsklare dyr vidare inn i kalvingsbingen. Kalvingsarealet er fleksibelt, i dag har han gummimatter her, men han kan også legge inn halm om han ynskjer det.
På ungdyrsida kjem kalven inn i midten av avdelinga, der er kalvebinge med liggeplatting midt i rekka. Derfrå går stutar og kviger kvar sin veg, stutane opp mot porten, kvigene ned mot passasjen til kuavdelinga av bygget, der dei til slutt endar opp i lausdrifta når dei er kalvingsklare.
«Å bygge med treverk gir stor glede.»
Gunstein Attestog Lauvdal
– Tidleg tilvenning til liggebås er viktig, derfor har eg valt å ha Iiggebåsar i bingane til småkviger frå tidleg alder, seier Gunstein.
Liggeunderlaget hjå dyra er gummimatter. Innsida av fjøset er kledd med kvite plastplater, Gunstein ynskjer eit effektivt reinhald på arbeidsplassen sin.
Han har valt å ha manuell tildeling av grovfôr med traktor.
Grovfôret blir produsert på 160 daa dyrka mark, stort sett morenejord. Han brukar standard frøblanding med timotei og raigras, og pressar rundballar med singelpresse. Når terrenget har helling på 10 grader, krevst det konsentrasjon og sirleg plassering når rundballane skal ut av pressa.
Ny kvardag for kyra: Mjølkekyra har to rekker med liggebåsar, kløbørste og skraperobot i si avdeling, mjølkerobot og fokusavdeling til høgre i biletet.
Tidleg tilvenning: Liggebåsar med gummimatter og bingeskille til kvigekalvane.
Arbeidsglede: Å arbeide med tre og bygge for framtida er gjort med glede og entusiasme. Pyntelist med profilerte dekkbord.
Arbeidsglade brør
Tomta der fjøset står var tidlegare eit masseuttak. Far til Gunstein, Gunnar Olav Attestog, fortel at det truleg har blitt køyrt vekk 8000 m3 morenemasser gjennom tre periodar her, før arealet vart tilgrodd av tre.
– Halve moroa er å gjere jobben sjølv, seier Gunstein.
Han og broren, Sveinung Attestog, gjekk fyrst laus på skogen og hogde den. Deretter planerte dei tomta med god hjelp av ein kamerat med gravemaskin. Sveinung ynskte seg sagbruk, det vart sett opp i ytre enden av tomta. Der skar Sveinung alt materialet broren trong til oppføring av nytt fjøs. Eit røft overslag peikar mot uttak og tilverking av 200 m3 trevirke til bruk i fjøsbygginga. Overborda på kledninga har profilar, Sveinung nytta firesidig høvel til dette arbeidet. Fjøset har også tverrgåande pyntelist og mønekryss. Saga er av merke WireX, kjøpt hjå norske NorLog.
– Å bygge med treverk gir stor glede, seier Gunstein.
Brørne fortel om sterk tru på prosjektet, og stor arbeidsglede undervegs.
– Dette er ei klar melding til alle politikarar: Me har ikkje råd til å ikkje støtte alle bønder som vil satse, det er me som driv bygda!
Det seier Tor Espen Helle, samagding og tillitsvald i Nortura.
Somme kommunar i Agder gir investeringsstøtte på 10-25 prosent av bygge- eller omgjeringskostnadane for investeringar i jordbruket, i tillegg kan ein i nokre kommunar også søkje støtte til kjøp av mjølkekvote.
Livet framover
– Eg har alltid visst at eg skulle bli bonde ein dag, seier fjøsbyggaren.
I dag jobbar han som lærar på ungdomsskulen. Rektor tilpassar stillinga slik at læraryrket let seg kombinere med ansvaret for gardsdrifta. Det er Gunstein takksam for. Heile ungdomsskulen gjekk over fjellet for å bli med på fjøsopninga, og sjå på den nye verdiskapinga i bygda.
Ynskjer for framtida er å få tilgang til meir beite og slåtteareal. Gunstein vil legge om frå vårkalving til heilårskalving og auke jamt frå dagens tretten mjølkekyr, opp til 24 kyr om han får moglegheit til å auke mjølkekvota. Han vil også ta i bruk kjønnsseparert sæd i avlsarbeidet, og få kryssa inn litt kjøttfe på kyr som ikkje skal avlast vidare på.
Med robot i fjøset og app i lomma, kan Gunstein fylgje fruktbarheita hjå kyrne på ein heilt annan måte enn far hans i si tid. Roboten tek måling av progesteronnivået i mjølka, og kan derfor gje korrekt insemineringstidspunkt, og seinare også stadfeste drektigheit eller omløp. Denne funksjonen kan i stor grad erstatte vanlege aktivitetsmålarar.
Etter kvart som økonomien tillèt det, vil Gunstein trappe ned lærargjerninga og auke arbeidstida på garden. Fram til den tid er han avhengig av og takksam for å ha ein far som framleis bidreg sterkt i drifta.
– Far er uvurderleg, han styrer alt anna enn roboten, seier Gunstein.












