Effektiv start: Bjørg Risa startar firma, bygg opp ein gard og studerer på Handels­høyskolen BI. Effektiv bruk av tid er eit nøkkelord i hennar kvardag. Foto: Privat

Effektiv start: Bjørg Risa startar firma, bygg opp ein gard og studerer på Handels­høyskolen BI. Effektiv bruk av tid er eit nøkkelord i hennar kvardag. Foto: Privat

PODCAST:

Bonde med KI som bestevenn

23. oktober 2026 | Aktuelt, Podcast

Bjørg Risa fokuserer på plan A, og ikkje alt rundt. Ho trur på klare mål, digitale hjelparar og hardt arbeid.

Jofrid Åsland Gilje

– Du må sette ein plan dersom du skal oppnå spesifikke mål, seier Risa.

ANNONSE

Ho er oppvaksen med foreldre som har kvar sin gard, og kallar dei for sjefane. Før ho var 10 år fekk ho ta ansvar for grising. Arbeid er ein måte for henne å slappe av på. Ein kan nesten bli sveitt berre av å høyre om alt som står på agendaen til denne dama.

Du har kanskje allereie kjennskap til henne frå sosiale medium? 21-åringen har akkurat fått ansvaret for oppbygging av ein gard – det var på tide å starte sitt eige prosjekt. Samstundes startar ho eige firma innan profilering og marknadsføring, studerer økonomi på Handels­høyskolen BI og går på Vinterlandbruksskulen. Sjølv meiner ho kunstig intelligens (KI) er som ein bestevenn å rekne, og trur teknologien veit meir om henne enn både venner og familie.

I denne episoden høyrer vi henne i samtale med Bjørn Lende. Det er ikkje rart han spør: Har du fleire timar i døgnet enn andre? Her kan du hente både tips korleis KI kan hjelpe deg med effektivisering av kvardagen, og inspirasjon til å kaste seg ut i nye utfordringar. Lytt til Bondevennen podcast.

 

Podcasten Bondevennen er sponsa av BondeKompaniet.

Du finn podcasten Bondevennen, inklu­dert det store arkivet med tidlegare episodar, der du lyttar til podcast eller via spelaren under.

Bondevennen nr 20
kjem i postkassane og
er tilgjengeleg elektronisk
fredag 20. november.

Få Bondevennen på øyra!
Bondevennen er på lufta med ein podcast som det luktar fjøs av!

Kusignal
Bondevennen har samla den populære serien vår om kusignal i eit eige hefte.