BN+Paradoks: Ein bonde samanlikna forskarar med gauk ungar. Bjørn Egil Flø og Eirik magnus Fuglestad meiner ho peikar på eit sentralt paradoks for vår tids samfunnsforsking. Foto: Istock / JAH

Paradoks: Ein bonde samanlikna forskarar med gaukungar. Bjørn Egil Flø og Eirik magnus Fuglestad meiner ho peikar på eit sentralt paradoks for vår tids samfunnsforsking. Foto: Istock / JAH

MOLDROK:

Ei samtale om samfunnsforsking og gaukungar i trastereiret

Samfunnsforskinga kan ikkje berre vere kunnskap for dei som allereie har tilgang til kunnskap. Når forskarane sluttar å samtale med folket, undergrev dei òg legitimiteten til forskinga.

Bjørn Egil Flø, forskar ved Norsk institutt for bioøkonomi.
Eirik Magnus Fuglestad, forskar Ruralis

«Dokke reirar dokke som gaukungar i trastereiret», den godt vaksne mjølkebonden brukte analogien som ei innleiing til å påpeike eit paradoks i den moderne samfunnsforskinga. «Det er me – folket – som før dokke opp, men sjølve ser dokke ut til å gi f… i våre born».

Vel, det var kraftig kost, men me kjente til bonden frå før og visste at ho vanlegvis brukar å nyansere seg etter at ho berre får rast frå seg. Det som plaga bonden var at ho meinte at me, samfunnsforskarane, ikkje lenger samtalar med dei me forskar på og for. Me kjem – nett slik me no gjorde – inn på tunet til ein bonde for å intervjue ho, me brukar ein time eller to av tida hennar utan at korkje ho eller hennar like får noko tilbake.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

Kjøp abonnement her

Allereie digital abonnent?
Logg inn her

Sjå veiledning for korleis du bytar passord.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss ein epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer
eller kontakt oss på telefon 51 88 72 61.