Møkka (og) rekneskap
Jofrid Åsland Gilje
Biogass har vore løfta fram som den nye frelsaren, som skal redde landbruket frå å sette djupe klimaavtrykk med gjødsel. Styresmaktene har tydelege ambisjonar om å auke mengda husdyrgjødsel som går til slike anlegg, likevel var talet ikkje meir enn 2,2 små prosent i 2025.
Status for klimamål i jordbruket ser lovande ut i den nokså ferske hovudrapporten for klimautslepp frå jordbruket. Den viser at landbruket nesten har kutta halvparten av utsleppa. Målet er å kutte 5 tonn CO2-ekvivalentar innan 2030, og i oktober 2026 er kuttet på 2,3 tonn. Landbruks- og matministeren rosar jordbruket for innsatsen.
Festtalar og svimlande tal kan fort skli over i det uhandgripelege. Kva skal til for å nå klimamåla innan den korte tidsfristen? For mange kan dette prosjektet fort bli stempla som urealistisk. Bøndene får melding om å auke matproduksjonen, verne om trua naturtypar og sikre dyrevelferd av ypparste klasse – for å nemne noko, samtidig som dei kuttar utslepp. CO2-ekvivalentar er kanskje ikkje i daglegtalen til dei fleste bønder. Så, la oss komme oss ned på landjorda, eller endå lengre ned – i gjødselkjellaren.
Konkrete løysingar er avgjerande, og det er på høg tid me får sjå resultata av lovande planar. Du les om eit rykande ferskt biogassanlegg i denne utgåva av Bondevennen. Vegard Lode overtok garden i år, og investerte 20 millionar i biogassanlegg. Han ser betre økonomi i eit eige anlegg enn eit fellesanlegg. Dessutan: Siste alternativ er framleis ikkje på plass. Dermed kan Lode ha rett når han spår at fleire bønder vil gjere som han.
Mange lause trådar må framleis festast før den sanne klimaprofetien kjem til syne. Er det biogass som skal redde oss? Bondevennen meiner det er viktig at bøndene får ha hendene på rattet når dei resterande CO2-ekvivalentane skal fjernast. Summane er svimlande, og styresmaktene må gjere meir enn å gå ved sida. Dei må halde ord, og ikkje kutte støtte til klimatiltak i neste sving. Det er ingen som har lova at det skal bli lett å få møkkarekneskapen til å gå opp. Men skal me auke den norske matproduksjonen må planar bli til noko bonden kan gjennomføre, for så å gi gass.
DEI SISTE LEIARANE:
Fosforreglane må ta omsyn til avlingane
Tid er meir enn berre pengar. Utsetjinga av innføringa av det nye gjødselregelverket med eitt år for å få reglane om balansegjødsling på plass, kan vonleg gi eit resultat som mange bønder er avhengig av.
Ikkje la mørket ta over
Hausten har allereie endra grønt liv til visnande raudt og brunt. I heia er det vakkert. Toppen på lukke er krystallklar frisk luft, sol og saueflokkar på veg ned fjellsida. Det kan vere tungt å springe etter kreative sauer med eigne planar, men likevel: Det er fint å vere bonde ein haustdag i heia.
Alt for Norge
Valspråket til kongen er vakkert og stort. Slik det høver seg for ein konge. Kong Harald er død, og media har knapt skrive om anna. Det er sjeldan kongehuset figurerer i fagbladet Bondevennen sine spalter, men det har hendt.





