Fosforreglane må ta omsyn til avlingane

9. oktober 2026 | Leiarar

Sjur Håland

Tid er meir enn berre pengar. Utsetjinga av innføringa av det nye gjødselregelverket med eitt år for å få reglane om balansegjødsling på plass, kan vonleg gi eit resultat som mange bønder er avhengig av.

Husdyrprodusentar lever ofte tett på den kapasiteten garden, driftsbygningane og fôrlageret er dimensjonerte for. Det er ikkje noko negativt i det. Snarare tvert imot. Å utnytta potensialet og fylla opp båsar, bingar og fôrlager ligg i bøndene sin natur her i Sør-Vest. Slik har det vore, og slik får me håpa det blir.

Å nytta husdyrgjødsla optimalt og å stella planter og jord så agronomisk rett som råd, samsvarar med god økonomi og er samstundes miljømessig berekraftig. Sjå berre på dei som i dag prøver ut fangvekstar etter opne kulturar for å binda jorda og ta vare på eventuell restnæring fram til ny vekstsesong. Verken miljøet, bøndene eller dei som er opptekne av matberedskap, er tente med at næring går til spille.

Eit gjødselregelverk som legg til grunn eit negativt fosforrekneskap, er vanskeleg å forstå. På Jæren og i andre fruktbare område finst det døme på at avlingane tek ut store mengder fosfor frå jorda. Det bør vera eit relevant moment når framtidas grenser for fosforgjødsling skal fastsetjast. Difor er det positivt at innføringa av dei strengare fosforgrensene no blir utsett til 2028.

Før det nye gjødselregelverket vart vedteke, var gode krefter i sving i årevis i vår region for å overtyda styresmaktene om at regelverket måtte vera i samsvar med både god agronomi og målet om god vasskvalitet.

No har landbruket eitt kort og hektisk år på seg til å gjera meir av det same. Men denne gongen med eit ekstra argument som absolutt ikkje er å kimsa av: Matberedskap i ei ekstremt uroleg tid.

Noreg treng kvart einaste husdyr, kvar einaste åker og kvar einaste kvadratmeter næringsrik jord.

Skal me lukkast med det, treng bøndene eit fornuftig, praktisk og føreseieleg regelverk kring balansegjødsling. Den store oppgåva det komande året blir å overtyda Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet om at eit slikt regelverk er praktisk mogleg.

Sommarens massive engasjement rundt beiteregistreringane gir håp. Men då må bøndene mobilisera og gå heilt til toppbyråkratane og -politikarane. Ikkje berre rasla med sablane regionalt og tru at det ordnar seg.

Det har me trudd før. Og då har me trødd feil.

DEI SISTE LEIARANE:

Alt for Norge

Alt for Norge

Valspråket til kongen er vakkert og stort. Slik det høver seg for ein konge. Kong Harald er død, og media har knapt skrive om anna. Det er sjeldan konge­huset figurerer i fagbladet Bondevennen sine spalter, men det har hendt.

Snart brenn det skikkeleg på dass

Snart brenn det skikkeleg på dass

Heile Norge har fått med seg at det kokar i gjødseldebatten i Rogaland, men snart brenn det for alvor på dass – eller meir presist: i gjødselkjellaren. Det hastar nå. Utfordringane bønder får med mindre spreieareal er berre toppen av isfjellet.

Mangel på respekt og bondevett

Mangel på respekt og bondevett

Naturbeitemark blei ordet me seint vil gløyme frå sommaren 2026. I starten av juli skreiv Bondevennen om Gro Sevheim, som fekk eit varsel om oppheving av spreieareal frå Statsforvaltaren midt i ferietida. Bonden samanliknar varselet med eit slag i trynet.