Grete Helland hadde med kua si, Fjellros, på konfirmantbiletet. (Foto: privat.)

Grete Helland hadde med kua si, Fjellros, på konfirmantbiletet. (Foto: privat.)

I fjøset hjå Helland Samdrift er det rom for uøkonomisk morro.

 

Jofrid Åsland

 

Grete Helland konfirmerte seg i år. Då var det sjølvsagt at kua hennar, Fjellros, skulle med på biletet. Kua er av rasen Sidet Trønder- og Nordlandsfe.

Moglegens ikkje heilt vanleg? undrar familien Helland seg.

Grete har vakse opp på gard (Helland Samdrift). Drifta på garden er mjølkeproduksjon og sau. Ho har alltid vore glad i å vere saman med dyra.

 

Grete og Fjellros ute på leietur. Biletet er frå 2011. (Foto: privat.)

Grete og Fjellros ute på leietur. Biletet er frå 2011. (Foto: privat.)

Tur til Røros

Då familien var på ferie i 2007, oppdaga Grete “Røros-kua” på Røros. Ei slik ku ville ho gjerne ha. Dermed ordna faren inseminering av ei NRF-ku med nettopp Sidet Trønder- og Nordlandsfe.

Det var stor glede i heimen då kvigekalven fekk “Røros-preg”. Grete hadde mykje kjekt med denne kalven. Dersverre fekk kua trøbbel med juret. No ligg skinnet på Gretes golv som teppe.

Ein ny reinrasa kalv vart kjøpt, og fekk namnet Fjellros. Denne kua fekk vere med på både kalvemønstring, sprangtrening på eigen ridebane og no til sist på konfirmantbilete.

 

Sprangtrening på ridebanen med både hest og ku. (Foto: privat.)

Sprangtrening på ridebanen med både hest og ku. (Foto: privat.)

Litt av kvart

Ei tam ku er kjekt å ha. Ikkje er Fjellros vanskeleg å leie med seg heller. Vasking og børsting fungerer og bra, men det er litt vanskeligare å jage henne, fortel Grete Helland om kua si.

Sjølv om me prøver å drive gard så godt som moleg, og tenker produksjon og økonomi, er det viktig at ungane får halde på med litt “kun for kjekt”, meiner mor og far.

Det er og plass til ei Jersy-ku, kaninar, høns og hestar på garden, som ligg på Helland i Rogaland.

 

Kua er strigla og klar for konfirmasjonsbilete. Det er ingen sak å leie denne kua. (Foto: privat.)

Kua er strigla og klar for konfirmasjonsbilete. Det er ingen sak å leie denne kua. (Foto: privat.)

Stikkord denne saka: