God aktivitet: Granhogsten aukar kvart år, i følgje Dirk Kohlmann. – Men det er viktig at skogaktiviteten ikkje stansar der, seier han. Foto: Dirk Kohlmann

Skogeigarar som omset tømmer, må setta av minst fire prosent av bruttoverdien av tømmeret til investeringar i skogen. Problemet? Pengane blir ståande på bok, i følgje Statsforvaltaren i Vestland.

Jane Brit Sande

– Dette er ei slags bekymringsmelding, seier Dirk Kohlmann, fagdirektør for skog, tre og grøne verdiar hjå Statsforvaltaren i Vestland.

For skogfonda i Vestland har no passert 110 millionar kroner.

– Desse pengane bør heller vere i sirkulasjon, seier Kohlmann til Bondevennen.

Tidlegare skogavgift

Skogfond er ei lovpålagt fondsavsetting. Alle skogeigedomar skal ha sin eigen skogfondkonto.

– Tidlegare hette ordninga «skogavgift », men dette omgrepet har ein negativ klang. Namnet vart derfor endra til «skogfond», som er eit betre og meir forklarande omgrep, forklarar Kohlmann.

Endringa ligger altså berre i namnet.

– Det er framleis skogeigarane sine pengar, understrekar fagdirektøren.

Eg oppmodar til å nytta pengar på avbøtande tiltak.

Dirk Kohlmann

Mange investeringsmoglegheiter

Pengane som blir sett av i skogfondet, skal nyttast til å gjere investeringar i skogen. Her er det nesten berre fantasien som set grenser.

– Nyplanting, skogsveg, lauvplanting, kantsoneetablering og tynning er blant tiltaka ein kan nytta midlane til. Lista er lang, seier Kohlmann.

Han meiner at skog er ein fantastisk investeringskjelde for neste generasjon. Og skogeigarane har hatt gode tømmerprisar i det siste.

– For dei fleste er det riktig å plante igjen, opplyser Kohlmann.

Å nytta pengane frå skogfondet til å gjere nyinvesteringar er eit av råda frå fagdirektøren. Eit anna er å gjere tiltak mot skogskadar.

– Mange er skeptiske til å gjere investeringar på grunn av skadeutfordringar. Skader frå hjort er eit døme. Eg oppmodar til å nytta pengar på avbøtande tiltak, seier Kohlmann.

Han viser til Bondeboka.no, eit oppslagsverk som er utarbeidd av land bruksavdelinga hjå Statsforvaltaren i Vestland. Fagdirektøren jobbar for tida med ei liste over nettopp slike tiltak, som skal leggast inn i Bondeboka. Ho er gratis og open for alle, men spesielt laga for landbruket i Vestland.

Skattefordel

Skogeigarane må setta av minimum fire og opp til 40 prosent av bruttoverdien av tømmeret. Skogeigar må skatte av inntekter frå tømmersal, men den delen som blir sett på skogfondkontoen blir ikkje inntektsført eller skattlagt før pengane blir teke ut av fondet for å dekka investeringar i skogen.

– Når pengane blir nytta, er det berre 15 prosent av beløpet ein tek ut som blir inntektsført og skattlagt, med nokre få unnatak, seier Kohlmann.

– Dei fleste juletreprodusentane set inn 40 prosent på skogfondet. Dei har skjønt opplegget med skogfondet, seier han.

Fondskontoen gir ikkje renter til kontoeigar. Det er Statsforvaltaren, Landbruks- og matdepartementet og skogeigarlaga som får renteinntektene.

Ta kontakt med kommunen

Men kva bør skogeigarar som vil nytte skogfondsmidlane sine gjere no? Kohlmann deler eit enkelt råd.

– Første steg er å ta kontakt med skogbrukssjefen i eigen kommune, og spørje hen om råd om pengane bør brukast. Har du udekte investeringar ståande, som kan dekkast inn? Er det behov for nyplanting? Det er mange måtar å nytta pengane på, så få litt hjelp til å gjere gode val, seier fagdirektøren.

Stikkord denne saka: