Tak på denne?: I Rogaland kan du søkje tilskot om gjødsellageret har vore i bruk<br />
i minst to år. Foto: Thea Hjertuslot

Tak på denne?: I Rogaland kan du søkje tilskot om gjødsellageret har vore i bruk i minst to år. Foto: Thea Hjertuslot

HØYR:

SMIL-finansiert gjødseltak

15. februar 2025 | Aktuelt

Bønder skal motiverast til å investere i permanent dekke/tak over eksisterande gjødsellager, noko som vil gi redusert utslepp av klimagassar.

 Sjur Håland

Prosjektet ”SMIL til lokk på skiten 2025” inngår i Rogaland si satsing om å redusere utslepp av klimagassar frå landbruket. Det betyr med andre ord at bønder i Rogaland kan søkje tilskot til tak over gjødselkummen. I dagens regelverk og i forslag om ny gjødselbrukforskrift er kravet minst 8 månadar lagerkapasitet på husdyrgjødsel. Ved å setja krav om 10 månadar lagerkapasitet, kan SMIL-tilskot vere relevant å nytte til permanent dekke/tak over gjødsellager.

SMIL-tilskotet gjeld ikkje for nybygg. Innovasjon Norge kan gi støtte til nye gjødsellager med tilhøyrande permanent dekke/tak. SMIL kan løyvast til permanent dekke over gjødsellager som har vore nytta i minst 2 år. For 2025 tilrår Statsforvaltaren ein kommunal SMIL-sats på inntil 40 prosent av berekna kostnadar. Maksgrensa er 200.000 kroner per søkjer. Er oppslutninga god, kan det henda ordninga også vil gjelda for 2026.

Kjelde: Statsforvaltaren i Rogaland

Stikkord denne saka: