Sauebonde Magne Jakob Bjørheim

Sauebonde Magne Jakob Bjørheim måtte sleppe sauene på dyrkamark for å få nok beite til dyra før heiasending.

Magne Jakob Bjørheim har planar om å skryte av sommaren 2015 når han vert gamal. Sommaren då sauene hans ikkje kom til heis før i midten av juli.

 

Jofrid Åsland

 

Bjørheimsbygda, mellom fjella i Strand kommune i Rogaland, vert bada i solstråler. Sauebonde, Magne Jakob Bjørheim, viser veg til terrassen denne sommardagen i slutten av juni. Han smiler om kapp med sola. Sauebjøllene klinger roleg, og vitnar om beitande dyr. Uvanleg mange sauer til å vere denne tida av året. Enga er nemleg full av sauer. Vanlegvis er mesteparten av flokken på heiabeite i juni, men store mengder snø i heia har bremsa heiaføringa i år. Denne bonden får ikkje dyra til heis før 11. juli.
– Eg klarer meg sjølv om eg må beite førsteslåtten. Eg får nok vinterfôr med ein slått, seier Bjørheim.
Han er leiar av Rogaland Sau og Geit, og ser optimistisk på utfordringa sauenæringa har møtt denne våren og sommaren.
Bjørheim veit at fleire bønder har gjort som han, og latt sauene beite førsteslåtten. Somme har også kjøpt fôr for å få sauene og lamma gjennom våren. Samstundes er det mykje gode avlingar dette året, og bonden trur ikkje det blir noko problem å få kjøpt fôr for bøndene som har behov for det.
– Når me blir gamle kan me skryte av å ha opplevd 2015, då me ikkje fekk sauene til heis før i juli, spøker Bjørheim, som er med i Strand Sankelag.

Magne Jakob Bjørheim

For 20 år sidan investerte Magne Jakob Bjørheim i nytt sauehus, som husar 100 vinterfôra ryggjasauer kvar vinter.

Mykje regn og fine lam

Regn og atter regn har prega våren og forsommaren. Sauebonden frå Bjørheimsbygd opplevde at det var kaldt for lamma då han slapp dyra på beite. No ser lamma likevel trivslege ut.
– Etter tala eg sitt med no er gjennomsnittsvekta på lamma rundt 30 kilo. Lamma er fine i år. Bøndene har nok tilgang på gode beiter, seier Bjørheim, som har registrert at det er fleire bønder som har fine lam.
– Eg prioriterer at lamma skal ha godt beite, og dersom dei legg på seg 15 kilo i heia ligg me godt an. Då trengst det ikkje så mykje beiting heime til hausten, seier bonden.

eng i Bjørheimsbygd

Sauene har laga stiar i enga.

Sau og heiabeite er trivsel

Far til Bjørheim var bureisar, og bygde opp garden slik den ser ut i dag. 100 vinterfôra sau og utleige av hytter er drifta på garden. Til garden er det 55 dekar beite, og 30 dekar leigd beite. Bjørheim disponerer også 90 dekar dyrka mark.
– Det er vårbeitet som er kneika her på garden. Heldigvis hadde eg ikkje noko som skulle pløyast i vår, seier bonden.
Han gjorde seg ferdig med gjenlegga hausten 2014, og har hatt fin vekst i graset. Vanlegvis får dei to slåttar, men i år blir det berre ein. Bjørheim kjem til å gå over jordene der sauene har beita med beitepussar for å få ein god slått.
No gjer Bjørheim seg klar til heiaføring. Fleire av sauene er allereie måla og klar for avreise. Normalt plar sauene frå Bjørheimsbygd dra på heiabeite kring St. Hans. I år dreg dei om lag tre veker seinare.
Bøndene som har vore i heia fortel om store snømengder, men Bjørheim trur likevel forholda i heia kan bli gode.
– Dersom snøen forsvinn no kjem graset raskt, seier bonden.
Han har alltid hatt sauene i Lyseheia, og trivst veldig godt med det. I heia finn han roen utan mobildekning i lag med beitande dyr.
– Eg trur ikkje bøndene har vorte avskremde frå heiabeite av ein utfordrande vår. Rogaland Sau og Geit har hatt eit prosjekt for å auke sauetalet i heia. Eg trur nykomarane er kome for å bli, seier Bjørheim.
– Me er alltid optimistar. Neste år blir eit fantastisk år, spår den positive sauebonden.

Sau hjå sauebonde Magne Jakob Bjørheim.

Sauebonden frå Bjørheimsbygd fortel om fine lam trass i ein utfordrande vår med mykje regn. I år merka han 185 lam, og kjem til å sende om lag 200 dyr på heiabeite.

Stikkord denne saka: