Det spørsmålet har fleire bondelagsleiarar fått av Bondevennen.

Jofrid Åsland

Eirik Fløystad, leiar av Aust Agder Bondelag.

Eirik Fløystad, leiar av Aust Agder Bondelag, meiner jordvern har mykje med
politikarane si haldning til landbruksnæringa
å gjere.

Erik Fløystad, leiar i Aust- Agder Bondelag

1. Jordvern og haldninga til jordvern er viktig. Jordvern har mykje med politikarane si haldning til landbruksnæringa å gjere.

2. Konsesjonslovgivinga og prisreguleringa er eit viktig punkt.

3. Stimulering til satsing innan landbruk. Det er viktig at fylkeskommunen framleis er medeigar av Innovasjon Norge. Slik at ikkje fordelinga av middlar blir styrt sentralt frå Oslo. Midla bør fordelast slik det er hensiktsmessig i dei forskjellige delane av landet.

Tor Erik Leland, leiar av Vest Agder Bondelag.

– Det er bra at mange politikarar snakkar mykje om jordvern, men me lever ikkje av vakre ord, seier Tor Erik Leland, leiar av Vest Agder Bondelag.

Tor-Erik Leland, leiar i Vest- Agder Bondelag

– Jordvern og arealforvaltning er viktig for bøndene under eit lokalval. Jorda blir bygd ned i kommunane. Samstundes er jorda grunnlaget for at me kan drive med landbruk. Eit
jorde gir stor verdiskaping.

Regjeringa ønskjer å legge meir makt til kommunane når det gjeld arealforvaltning. Då er det viktig at dei som forvaltar areala i kommunane er bevisste sitt ansvar. Det er viktig at politikarane ser kor viktig landbruket er, i form av miljø og verdiskaping i distrikta.

Inge Martin Karlsvik, leiar av Møre og Romsdal Bondelag

– Veljarar som er interesserte i landbruk bør finne ut kva politikarane i kommunen meiner om jordbruksforvaltninga lokalt, tilrår Inge Martin Karlsvik, leiar av Møre og Romsdal Bondelag.

Inge Martin Karlsvik, leiar i Møre og Romsdal Bondelag

– Veljarar som er interesserte i landbruk bør finne ut kva politikarane i kommunen meiner om jordbruksforvaltninga lokalt. I forhold til jordforvaltning og jordvern handlar mykje om kor restriktive politikarane vil vere. Eg har inntrykk av at når ein kjem ned til kommunenivå er dei fleste politikarane ganske like, uavhengig av parti. Eg håper politikarane vil drive med meir enn festtalar. Folk bør stemme på politikarar som ser verdien av jordbruk og ringverknadane rundt næringa. Eg har sjølv sitte i kommunestyret, og kjend på det å seie nei til utbyggingsplanar. Det er vanskeleg for ein kommunepolitikar. Difor burde omdisponeringssaker vore løfta opp på eit høgare politisk plan. Eg vil tilrå folk å oppsøke ”stands” før valet, snakke med politikarane og utfordre dei litt.

Anders Felde, leiar av Sogn- og Fjordane Bondelag

Vern av areal og dyrka jord er nummer ein på lista til Anders Felde, leiar av Sogn- og Fjordane Bondelag.

Anders Felde, i Sogn og Fjordane Bondelag

– Me har fokus på to ting:

1. Vern av areal og dyrka jord. Me i Bondelaget har vore tydelege med politikarane, og sagt at dette er veldig viktig.

2. Prioritering av kompetanse innan vidaregåande utdanning. Då tenker me på dei to landbruksskulane i fylket. Me treng lokale politikarar og fylkespolitikarar med kontakt oppover i systemet, og som ønskjer landbruk i heile landet.Me treng også ein aktiv næringspolitikk, særleg for landbruk. Ein må ikkje la landbruket segle sin eigen sjø. Vidare treng me politikarar som har ei tydeleg stemme for distriktjordbruket. Veljarane må finne ut kven som er tydelege.

Frøydis Haugen, leiar av Hordaland Bondelag

– Eg meiner jordvern burde vore løfta til eit høgare politisk nivå. Dette fordi kommunepolitikarane har så mange hensyn å ta i kommunane, seier Frøydis Haugen, leiar av Hordaland Bondelag.

Frøydis Haugen, leiar i Hordaland Bondelag

– Jordvern er kjempe viktig. Temaet er alltid på dagsorden, men er endå meir aktuelt jo meir befolkningsvekst det er i kommunane. Lokalpolitikarane har mykje påverknadskraft når
det gjeld arealforvalting. Her er det viktig å få fram nyansane mellom dei ulike partia. Kommunesamanslåing er eit anna viktig tema. Det kan slå ut både negativt og positivt i dei ulike kommunane. Kommunesamanslåing er viktig for bøndene, fordi dei er avhengige av at kommunen gjer jobben sin i forhold til forvaltning. Mange snakkar mykje om jordvern i denne valkampen. Eg meiner jordvern burde vore løfta til eit høgare politisk nivå. Dette fordi kommunepolitikarane har så mange hensyn å ta i kommunane. Det er lett å komme med fine ord og fraser, utan å gjennomføre i praksis. Folk bør tenke på korleis politikarane vil utnytte ressursgrunnlaget i kommunen når dei skal gi si stemme. Me står ovanfor utfordringar i forhold til sysselsetting og næringsliv. Landbruket er ei framtidsnæring, og ein del av den grøne framtida. Det er viktig at folk husker på det, og stemmer for ei grøn framtid.

Ola Andreas Byrkjedal, leiar i Rogaland Bondelag.

– Jordvern, jordvern og atter jordvern er den viktigaste saka for oss i Rogaland, seier Ola Andreas Byrkjedal, leiar i Rogaland Bondelag.

Ola Andreas Byrkjedal, leiar i Rogaland Bondelag

– Jordvern, jordvern og atter jordvern er den viktigaste saka for oss i Rogaland. Korleis politikarane forvaltar areala har mykje å seie for framtida. I sentrumsnære område er det eit vanvitig press på jordbruksareal. Desse areala treng me for noverande og framtidige generasjonar. Lokalpolitikarane kan påverke og syte for å ta vare på matjorda. Det viktigaste er at politikarane står opp for jordvernet. Når eg ser kor stort press det er på matjorda på Jæren, og korleis politikarane tenker kortsiktig. Då vert eg bekymra. Her trengst det ei haldningsendring blant politikarane, særleg dersom stadig meir av arealforvaltninga skal skje lokalt. At jordvern er kome på dagsorden er veldig interessant. Likevel treng me meir enn fine ord i festtalar, me treng handling. Me kjem til å følgje med korleis politikarane praktiserer jordvern framover. Dette er ikkje bare ei bondesak. Det er ei samfunnssak, og gledeleg at stadig fleire let seg engasjere. Elles er sjølvsagt dei økonomiske rammene kring landbruket avgjerande, men der har ikkje lokalpolitikarane like mykje påverknad.

Aslak Snarteland, leiar av Telemark Bondelag.

– Men, landbruket skal ikkje berre vere for idealistar. Ein kan ikkje leve av ein livsstil, seier Aslak Snarteland, leiar av Telemark Bondelag.

Aslak Snarteland, leiar i Telemark Bondelag

– Jordvern er den viktigaste saka under årets val. I Telemark er rammevikåra viktige for landbruket. Me må ha rammevilkår som gjer at det går ann å satse på landbruk. Me legg merke til at Arbeidarpartiet har sett landbruk på dagsorden, og ventar at dei står for det dei seier. Dagens utvikling med store bruk og stentralisering av landbruket, det er ikkje klimasmart landbruk. Det må faktisk bli lønsamt å drive den marginale jorda. I min heimkommune Fyresdal, og i heile Telemark, har trua på landbruket blitt snudd til det positive. Men, landbruket skal ikkje berre vere for idealistar. Ein kan ikkje leve av ein livsstil. Det er viktig at me klarer å utnytte dei ressursane som naturen gir. Eit gardsbruk i distriktnoreg er eit mangesysleri. Ein må hente inntekt andre stader, og dei små bruka skal også vere med. For meg er det viktig å tale for dei små og mellomstre bruka. Det finst nok av dei som taler for dei store.

Stikkord denne saka: