
Står på: Saman med Solveig Horve Bergsholm (t.v.) og Kirsten Espeland har Ken Rune Birkeland, dagleg leiar i Dalane Innkjøpslag, danna litt av eit team. I 2020 omsette dei for over 150 millionar kroner.
For 20. år på rad, sette Dalane Innkjøpslag SA ny salsrekord. Omsetnaden var på svimlande 153,1 millionar kroner i 2020.
Jane Brit Sande
Det er kanskje ikkje ein moderne butikk, der bruken av lys og fargar skal stimulera til kjøp. Men mellom tronge og overfylte hyller med spenefeitt, vitaminer til sau og lam, høygaflar og vernesko, skjer det store ting. I 2020 omsette Dalane Innkjøpslag for heile 153,1 millionar kroner.
Dagleg leiar Ken Rune Birkeland veit godt kva som er nøkkelen til suksessen.
– Bøndene er mest opptekne av at varen er inne på lager når dei treng den, pluss gode bonusordningar. Det er nettopp det me jobbar for kvar einaste dag, seier han.
Allereie digital abonnent?
Logg inn her
Sjå veiledning for korleis du bytar passord.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss ein epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer
eller kontakt oss på telefon 51 88 72 61.






