
Alle som ein: Havila sitt biogassanlegg på Nesset utanfor Molde skal produsera biogass frå september av. Anleggsdesignet, subtratmiksen, prosessen og bioresten vil vera likt på alle Havila sine anlegg. Straumlinjeforminga gjer at ein kan planlegga og setja i verk svært raskt, hevdar Havila. Foto: Havila
Biogass: – Ikkje nok gjødsel til alle
Havila sikrar tomter til to biogassanlegg på Jæren og har inngått avtale med lokale bønder for levering av husdyrgjødsel. – Me heier på alle aktørar, seier sjef for Havila Biogass Kjell Evensgård. – Men det er ikkje plass til alle.
Bothild Å. Nordsletten
– Eit design. Ein subtratmiks. Ein prosess. Ein biorest. Modellen vår er lik for alle anlegg. Det gjer at me kan handla raskt, seier Kjell Evensgård.
Jørpelending er sjef for Havila Biogass, som er del av eit større konsern eigd av familien Sævik på Sunnmøre. Havila er først og fremst kjend for skipsteknologi, olje, gass og turisme, men har i det siste satsa også på biogass.
Heile ti anlegg planlegg dei; i Midt-Noreg, Innlandet, eit på Haugalandet – og to på Jæren.
Ifølgje Evensgård skal det første anlegget på Nesset utanfor Molde starta produksjon av komprimert biogass om ein månad. Hydro Sunndal blir mottakar.
Satsar mellomstort
Havila kasta augene på Jæren for halvanna år sidan. Ulikt store anlegg som det Bio Jæren planlegg på Grødaland (600 000 tonn husdyrgjødsel, tilsvarande 70 prosent av all svine- og storfegjødsel i Time, Klepp og Hå), eller Biokraft i Klepp (éin million tonn husdyrgjødsel), ser Havila føre seg to mellomstore anlegg her.

Kjell Evensgård. Foto: Havila
«Verkemiddelapparatet funkar, det er regulatorisk medvind og stort engasjement. Me opplever momentum.»
Kjell Evensgård, CEO i Havila Biogass
– Me heier på alle biogassaktørane, seier Evensgård.
– Men modellen vår avvik litt frå kva dei andre gjer. For oss er logistikk avgjerande.
Han meiner at store anlegg inneber 100-150 lastebilar inn og ut kvar dag – eit tal som også matchar det konkurrenten Biokraft opererer med for sitt planlagde anlegg, (100 lastebilar dagleg).
– Me trur at det rette på Jæren er to medium store anlegg, seier Evensgård.
– Eit i Hå og eit i Time eller på Klepp. Båe med kapasitet til å handtera 200 000 tonn frå dag éin. Båe bygd med 50 prosents overkapasitet, så dei kan ta unna 300 000 tonn.
Ifølgje Havila Biogass-sjefen skal dei i år sikra seg to ferdig regulerte tomter. Søknad om Enova-støtte til det eine ønskjer dei å senda i oktober.
Treng gjødsel
Havila skal også ha inngått avtalar med bønder i Rogaland om levering av «store volum» husdyrgjødsel, utan at dei vil spesifisera nærmare.
– Planen er å signera opp ennå meir. Og me byggjer når me har signert opp det volumet me treng, seier Evensgård og nemner to komande bondemøte, 28.august på Håland Kjøtt på Klepp og 29. august på Haugalandet.
«Kostnadane våre vil auka i Rogaland, men fosforen herifrå trengst jo andre plassar.»
Kjell Evensgård, Havila
Avtalen, som også skal vera lik for alle bønder uansett kva Havila-anlegg dei leverer til, inneber at Havila tar 60 prosent av det tilskotet bonden får frå staten for å levera gjødsel til biogass, for å dekka transport.
Havila hentar då gjødsla, og leverer biorest/-gjødsel tilbake. Bonden sit att med 40 prosent av tilskotet. Totalt støttebeløp varierer ut frå tørrstoffinnhaldet i gjødsla, seier Evensgård.
Ifølgje Havila-sjefen er mange bønder opptatt av utfordringane med transport av gjødsla og bioresten, samt til lagring av dei to. Havila hevdar i så måte at dei skal bidra med rådgiving og støtte til naudsynte investeringar, inkludert støtte til etablering av sentrallager for gjødsel.
Klimavinsten for reduserte utslepp av C02 og metan skal, ifølgje Evensgård, bli godskrive bonden, som ikkje vil ha utslepp frå gjødselspreiing. Brukaren av biogassen oppnår sin klimavinst ved å erstatta fossilt brennstoff med klimanøytral biometan.
Havila er ute etter gjødsel frå storfe, svin og fjørfe. Andre ingrediensar i subtratmiksen som skal lik uansett anlegg, er sortert avfall frå matindustrien, meieri, slakteri og havbruk.
Me er veldig opptatt av bioresten, seier Evensgård.
– Oppskrifta er testa ut på eigne jorder av bøndene Martin Toreli og Børge Rød. Dei to er også gründerane bak anlegget på Nesset, og Toreli har gått heilt bort frå bruk av kunstgjødsel.
Fjernar og foredlar fosfor
Havila har også ein teknologi for reduksjon av fosfor i bioresten, ifølgje Evensgård.
– Me brukar ein to trinns separasjon for å ta ut fosforet. Basert på bøndene sitt behov, tilsett me så fosfor igjen, opp til det maksnivået som gjødselføreskrifta og gjødselplanen tillet. Nivået vil me tilpassa, seier han.
Teknologien for fosforreduksjon er kjent, men få, om nokon biogassaktør, har så langt funne lønsemd i prosessen.
– Har Havila knekt koden?
– Totaløkonomien vår seier ‘ok’. Kostnadane våre vil auka i Rogaland, men fosforen herifrå trengst jo andre plassar. Så fosfor er ikkje berre eit problem. Det er òg ein moglegheit, seier Evensgård.
«Alle kan ikkje bygga.»
Kjell Evensgård, Havila
For lite lort
Havila tar utgangspunkt i det dei kallar eit teoretisk utgangspunkt på lag éin million tonn husdyrgjødsel i jærregionen årleg. Andre aktørar syner til andre tal. Andre aktørar igjen, viser til husdyrtal frå Nortura som tilseier om lag to millionar tonn.
Kor mykje som uansett vil vera tilgjengeleg for bruk i biogassanlegg, avheng av interessa ute hjå bøndene.
Så kva då, når Bio Jæren planlegg for eit anlegg med kapasitet til 600 000 tonn husdyrgjødsel, Biokraft for éin million tonn og Havila for 400 000 tonn?
Og desse ikkje eingong er dei einaste aktørar som vil etablera seg her?
– Er det nok gjødsel til dykk alle?
– Nei, det trur eg ikkje, seier Evensgård.
– Det er ikkje nok gjødsel til Havila, Bio Jæren og Biokraft. Alle kan ikkje bygga. Det er ikkje plass til alle. Ingen av oss tar då heller investeringsavgjerda før dei har fått signert opp tilstrekkeleg gjødselmengd med bøndene.
Biogass-boom
Evensgård meiner det kan gagna bonden, at det er fleire aktørar på bana nå.
– Og vinn ikkje vår modell fram, så er det ‘fair’, vedgår han.
– Det viktigaste er at biogass skjer. Marknaden treng gassen. Bøndene treng det.
Havila delar ikkje det som tykkjest å vera ei gjengs oppfatning av at utviklinga går treigt. Tvert om.
«Det viktigaste er at biogass skjer.»
Kjell Evensgård, Havila
– Det skjer mykje nå, seier Evensgård.
– Og modellen vår er at me har det notorisk travelt. Med éit design på anlegga, éin prosess og éin biorest kan prosjekta våre også modnast fort.
– Er det ein biogass-boom på gang?
– Eg trur du kan seia det, ja. Endeleg. Verkemiddelapparatet funkar, det er regulatorisk medvind og stort engasjement. Me opplever momentum.
– Kva aktør er det då som til slutt vil lukkast, trur du?
– Selskap som har tempo, areal, gode relasjonar til bøndene og som sikrar lokal verdiskaping og aktivitet. Dét er nøkkelen.