Hamskifte: Den sørvestlandske sjela er den same, men sidan starten i 1898 har Bondevennen skifta utsjånad fleire gonger, seinast til 120-årsjubileet i 2018.
PODCAST:
Bli betre kjend med Bondevennen
Er det behov for eit blad som Bondevennen?
– Ja, sjølvsagt, svarer redaktøren.
Kvifor det høyrer du om i vekas ferske podcast.
Bondevennar: Jenny Kleppe tar deg med til redaksjonen og stiller redaktøren Bothild Å. Nordsletten til veggs. På ein informativ måte, altså. Foto: Jenny Kleppe
Ja, her sit du og les Bondevennen, men kva er eigentleg dette for blad? Korleis starta det heile for over 125 år sidan? Kva er tanken bak dette siste attverande regionale fagbladet i Noreg – og kor vil me hen?
I vekas ferske podcast spør bonde og Bondevennen-podcastar Jenny Kleppe ut redaktør Bothild Nordsletten om alle ting i Bondevennen. Gå ikkje glipp av ein kikk inn i redaksjonen og i historia til bladet!
Podcasten Bondevennen er sponsa av BondeKompaniet og Jæren Sparebank.
Du finn podcasten Bondevennen, inkludert arkivet med over 60 tidlegare episodar, der du lyttar til podcast eller via spelaren under.


