Erfaren kurshaldar: Karl Burgi er ein av verdas mest erfarne på klauvhelse, og har kurs over heile verda. No kjem han til Sverige, og DU kan delta på kurs! Foto: Sure Step Consulting

Erfaren kurshaldar: Karl Burgi er ein av verdas mest erfarne på klauvhelse, og har kurs over heile verda. No kjem han til Sverige, og DU kan delta på kurs! Foto: Sure Step Consulting

Bli med på klauvkurs i Sverige!

4. oktober 2025 | Aktuelt

Du er invitert til å delta på eit unikt kurs i klauvskjering i Svenske Umeå. Kurshaldar er den anerkjende klauveksperten Karl Burgi frå Wisconsin, USA.

Liv Kristin Sola

Bondevennen er kontakta av den sveitsiske KuSignal-rådgivaren Christian Manser, som samarbeider med Karl Burgi om kurset i svenske Umeå.

– Me har hatt stor suksess med denne teknikken og kunnskapen i Sveits, og vil no prøve det også i Sverige, seier Manser til Bondevennen.

No melder han om fem ledige plassar på kurset, og inviterer norske bønder til å delta.

Christian Manser

Christian Manser

Kurset har søkelys på klauvbehandling og klauvskjering for å få meir haldbare kyr.

– God klauvhelse er avgjerande om du skal klare å auka levetida på kyrne dine med éin til to laktasjonar. Og det er god lønsemd for bonden, seier Manser.

Karl Burgi

Karl Burgi har gjennom mange tiår utvikla kunnskap og metodar med mål om å få dyra til å leve lenger. Karl Burgi | Sure Step Consulting No nærmar han seg pensjonsalder, og truleg blir dette siste gong han har kurs i Europa. Manser oppmodar difor bønder som er interessert til å nytte høve og melde seg på kurs.

– Karl Burgi sitt store mål er å redde så mange kyr som mogleg. Då er det viktig å arbeide førebyggande med fjøsmiljø, fôring, og ku-trafikk. Det er litt av det du lærer på kurset, seier Manser.

Gode bein: God klauvhelse er viktig om du vil ha haldbare kyr. Foto: Länsstyrelsen.se

Gode bein: God klauvhelse er viktig om du vil ha haldbare kyr. Foto: Länsstyrelsen.se

Om kurset

Kurset passar både for deg som vil ta heile klauvskjeringa i eigen buskap, men òg for deg som berre vil kunne nok til å handtere problemkyr eller akutt halte kyr.

Kurset er i Umeå frå 21. til 24. oktober og kostar 4900 kroner. Du kan velje å delta på teorien, til ein pris på 500 kroner. Arrangør er Länsstyrelsen i Västerbottent, og Christian Manser er ein av initiativtakarane.

Høyrest det interessant ut?

Meld deg på her: Skapa hållbara nötkreatur | Länsstyrelsen Västerbotten
Men ver rask – fristen er midnatt, natt til måndag.

Har du spørsmål? Ta kontakt med Hanna Lindgren på E-post till Hanna Lindgren. Telefon (0046) 10-225 40 00

Eller kontakt oss i Bondevennen på mail: livkristin@bondevennen.no så prøver me å formidle kontakt vidare (i og med litt kort frist….)

Stikkord denne saka: