Nye tider: Kva er den beste taktikken? Drive som før eller satse friskt i ny retning? Denne veka høyrer du Bjørn Lende i samtale med Jofrid Åsland Gilje. Foto: Istock / by-studio
PODCAST:
Bonden og redaktøren
Kan gardsdrift og redaksjonell leiing samanliknast? Ansvar og styring av kostnadar er noko både bonden og redaktøren må handtere.
Denne veka har Bjørn Lende ein drøs med Jofrid Åsland Gilje om dette temaet. Bjørn har mange års erfaring som bonde, lærer ved Vinterlandbruksskulen og har vore aktiv i Bondevennen sin podcast gjennom fleire sesongar. Medan Jofrid er nokså fersk som redaktør.
Dei to finn ein del felles utfordringar. Mest av alt er kjensla av respekt for fortida lik. Jofrid kjenner på respekt for eit blad som har eksistert sidan 1897. Det ligg ei viss ære i å få leie tradisjonar vidare. Det same kjenner ein ofte på når ansvaret for familiegarden går til neste generasjon.
Kva er den beste taktikken? Drive som før eller satse friskt i ny retning?
Podcasten Bondevennen er sponsa av BondeKompaniet.
Du finn podcasten Bondevennen, inkludert det store arkivet med tidlegare episodar, der du lyttar til podcast eller via spelaren under.
Bondevennen nr 13
kjem i postkassane og
er tilgjengeleg elektronisk
fredag 14. august.
Få Bondevennen på øyra!
Bondevennen er på lufta med ein podcast som det luktar fjøs av!
Kusignal
Bondevennen har samla den populære serien vår om kusignal i eit eige hefte.



