Klar for plastkonkurranse: Dei kallar seg Norges største vennegjeng og viser til eit sterkt samhald og venskap for livet. Det er 37 4H-klubbar i Rogaland. Alle er med dette invitert til konkurranse.
I ribbeveggen: F.v. Torje, Karen, Marte, Tollak. Mellomste rekke: F.v. Siv og Siv, klubbrådgivarar, Tobias, Kristin, Ruth, Live, Tora, Eilen og klubbrådgivarane Nina og Silje. Framme: F.v. Martin, Torstein, Silja, Anne og Lilly. Maren liggande framfor.

Vigre 4H har gjort innsamling av landbruksplast til ei viktig klubboppgåve. No utfordrar dei andre klubbar i Rogaland til konkurranse – og ber bøndene om hjelp: – Kom med plastikk, for me skal vinne konkurransen, er oppmodinga frå styret.

Liv Kristin Sola

Vigre 4H har plastinnsamling fire gonger i året. Siste innsamlinga var laurdag for to veker sidan. På to timar tok dei imot 76 traktorar med plastikk.

– Me håper på meir plastikk, seier Siv Follerås, ein av rådgivarane i Vigre 4H.

Ho skryt av kor rein og fin plastikken har vore i seinare tid.

Ikkje brenn plast

Avtroppande og påtroppande styremedlemmar i Vigre 4H er samla til styremøtet. Plastinnsamling er på dagsorden. Klubben samlar inn store mengder plastikk i løpet av året, men ungdommane er nokså sikre på at det er meir plast rundt om på gardane som ikkje blir levert. Dei fryktar at enkelte bønder vel å brenne plasten.

– Ikkje gjer det, det slepper ut klimagassar, seier Tora Wiig Njærheim.

Tora er vald til ny styreleiar. Ho overtek stafettpinnen etter Maren Lindal. Tora får med seg ti andre styremedlemmar frå fjerde klasse og oppover.

– Plastinnsamling er ein måte å fronte klubben på og vise aktivitet, seier Maren. Bøndene kan levere plast frå rundballar, utesilo og storsekkar. Men dei har slutta å ta imot nett. Det vart for kostbart.

Torje Nærland har eit godt tips til bøndene:

– Stapp storsekkane oppi kvarandre og samle resten av plasten i eplekassar.

Frir til bondelaget for premiar

Vigre 4H utfordrar Rogaland Bondelag til å stille med premie.

– Kjempeflott initiativ, kvitterer Marit Epletveit, leiar av Rogaland Bondelag. Men kor flott det enn er, kan ho ikkje på ståande fot love at dei vil stå for premieringa, eller korleis det vil føregå.

– Det blir ei sak på neste styremøte, seier Epletveit. 

Stikkord denne saka: