Står på: Restriksjonane i samband med koronavirusutbrotet får konsekvensar også for Norsk Landbruksrådgiving (NLR) sine avdelingar, her ved avdeling Rogaland. Rådgjevarane legg no til rette for å yta service og halda tilbodsnivået oppe. Dagleg leiar i Rogaland, Helga Hellesø, i oransje jakke. Foto: NLR

– Ting endrar seg frå dag til dag også hjå NLR. Me føreheld oss til dei til ei kvar tid gjeldande beredskapsplanar, seier Helga Hellesø, dagleg leiar i NLR-Rogaland, rett før Bondevennen går i trykken.

Sjur Håland

Restriksjonane i samband med koronavirusutbrotet får konsekvensar også for Norsk Landbruksrådgiving (NLR) sine avdelingar. På Særheim blir det nå lagt til rette for å yta service og halda tilbodsnivået oppe. Men all møteverksemd blir lagt på is.
NLR-Rogaland tilrår i størst mogleg grad heimekontor for dei tilsette.

– Slik det er no, tar me ikkje i mot besøk på kontora. Me reiser heller ikkje ut på HMS-besøk eller andre typar besøk rundt om på gardane, seier ho.

Ved oppfølging av forsøksfelt i friluft, kan NLR-personell reise ut, men dei skal halda seg utandørs og halda lang avstand til folk, understrekar Hellesø.

Autorisasjonskurs utsett

Alle fagmøte og kurs i NLR-regi er avlyst. Stoda kan opplevast ekstra utfordrande for dei som skal ta autorisasjonskurs for første gongen. Det blir jobba med dispensasjonsordning for dei som no skulle til å fornya sin autorisasjon.

– Om me lukkast med det, er for tidleg å seia no. Alternativet er at dei som står utan autorisasjon får andre til å gjera plantevernjobben for seg, seier ho.

Helga Hellesø

NLR gir same råda kring den ekstraordinære situasjonen som landbruksorganisasjonane i fellesskap har gått ut med.

– I korte trekk handlar det om grundig handvask, om å følgja smittevernreglane og syta for å ha ein beredskapsplan på garden.

– Har NLR ein funksjon om noko akutt skulle skje ute hjå medlemmane dykkar?

– Om bonden blir sjuk og treng avløysing, må ho eller han gå via avløysarlaget. Eg ser også føre meg at naboar kan trø til og hjelpa kvarandre om det blir naudsynt. Me veit ikkje korleis omfanget av virusutbrotet blir. Nå blir det lagt opp til minst mogleg kontakt mellom folk. Målet er at færrast mogleg skal bli smitta, her må alle gjera sitt, seier ho.

Treng å snakka Hellesø oppmodar bøndene om å bruka telefonen og andre digitale løysingar.

– Me treng å snakka med kvarandre, ta vare på kvarandre og halda motet oppe i ei tøff og usikker tid. Her har sjølvsagt også me i NLR ei viktig rolle.

På kontoret merkar dei at medlemmer ringer og kansellerer avtalar.

– Det er skil på folk. Nokre tar det som skjer svært alvorleg, medan andre tar situasjonen litt lettare. For oss i NLR er det viktig å følgja styresmaktene sine råd og vera med på den nasjonale dugnaden, seier ho.

Våronna står for døra. Det at NLR sine folk bruker heimekontor endrar ikkje på hovudfunksjonane deira. Hellesø understrekar at Norsk landbruksrådgiving har personell med god HMS-kompetanse.

– Dei er i beredskap for bønder som treng råd eller nokon å snakka med. Det er mykje betre med ein telefon for mykje enn ein for lite. Våre medlemmar er velkomne til å ta kontakt både når det gjeld HMS og fagleg rådgiving som før.

Utanlandsk arbeidskraft

Landbruket brukar mykje utanlandsk arbeidskraft.

– Ei brei gruppe er i dag etablert sentralt for å greia ut problemstillingane som kan dukka opp i samband med utanlandsk personell. Me kjem til å spela tydeleg inn at dette er svært relevante problemstillingar for landbruket i vårt fylke, seier Hellesø.

Stikkord denne saka: