Jur: Alt heng saman med alt. Få med deg korleis celletal heng saman med jurhelse og bonden sin økonomi i Bondevennen podcast . Foto: Istock / SanneBerg
PODCAST:
Celletall og jurhelse
Kva fortel eigentleg celletalet om jurhelsa i besetninga?
Ingvild Steinnes Luteberget
I denne vekas podcast går vi nærare inn på celletal og jurhelse. Du får høyre frå veterinær Albertine Namork Gudmestad og Liv Sølverød ved Mastittlaboratoriet om kva som ligg bak eit høgt celletal. Dei fortel korleis du kan oppdage utfordringar tidleg og kva tiltak som faktisk kan ha effekt.
Med Bondevennen på øyra høyrer du om prøvetaking, bakteriefunn, behandling, førebygging og dei økonomiske konsekvensane av jurbetennelse.
Finn svara på desse spørsmåla: Kva bør du gjere når celletalet stig? Korleis kan systematisk prøvetaking og målretta tiltak bidra til betre dyrevelferd og gi ein meir lønnsam mjølkeproduksjon?
Podcasten Bondevennen er sponsa av BondeKompaniet.
Du finn podcasten Bondevennen, inkludert det store arkivet med tidlegare episodar, der du lyttar til podcast eller via spelaren under.
Bondevennen nr 20
kjem i postkassane og
er tilgjengeleg elektronisk
fredag 20. november.
Få Bondevennen på øyra!
Bondevennen er på lufta med ein podcast som det luktar fjøs av!
Kusignal
Bondevennen har samla den populære serien vår om kusignal i eit eige hefte.













