BN+

Framtidskua? – Små kyr er meir effektive enn store. Truleg vil dei også vise seg å vere meir klimavennlege, meiner Peter Larson i VikingJersey.


Ikkje berre er dei små og sjarmerande, og til tider vel innpåslitande. Jersey er også eit smart raseval, både for lommeboka og for miljøet, meiner avlssjef i VikingJersey, Peter Larson.


Liv Kristin Sola


– Små kyr er mest produksjonseffektive. Dei utnytter fôret betre og påverkar miljøet mindre enn større kyr - per kilo energikorrigert mjølk produsert, seier Larson til Bondevennen.


– Små kyr vil vise seg å vere mest økonomiske i framtidas mjølkeproduksjon, også innanfor dei ulike rasane. Samanliknar du alle rasar på tvers, vil Jersey vere den mest effektive kua, meiner Larson.


Avlssjefen i VikingJersey var innleiar då Norsk Jersey inviterte til informasjonsmøte i samband med årsmøtet i raselaget.

Ta godt vare på kalven

Larson la fram tal som viser at Jersey produserer fleire kilo EKM per kilo tørrstoff, samanlikna med dei store rasane. Samanlikna med Holstein, produserer jerseykyrne berre marginalt færre kilo feitt og protein per laktasjon. Skilnaden i mjølkevolum er kring 3000 liter.


– Verdien ligg i kilo tørrstoff, ikkje i liter mjølk, seier Larson.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her


Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.