Anne Cathrine Blakstad, bonde

Bonden, Anne Cathrine Blakstad løfta blikket frå eigen gard, og reise til Mat og Landbruk for påfyll av kunnskap.

Anne Cathrine Blakstad er fersk bonde og på jakt etter kunnskap. Ho deltok på konferansen Mat og Landbruk.

Jofrid Åsland

– Det har vore veldig greitt å få løfte blikket frå det ein held på med kvar dag, og sjå samanhengane. Me er inne i ei spanande tid, og temaet økonomi blir viktig framover, sa Blakstad til Bondevennen då konferansen var slutt.

Ho ser med spenning fram til korleis landbruket kan spele ei større rolle som næring i framtida.

– Samansetninga av folk under koferansen var veldig bra. Eg liker spesielt godt å høyre meininga til menneske som står utanfor næringa. Biletet ser ofte litt annleis ut for dei som ikkje går i fjøset kvar dag, sa den ferske bonden.

Sjølv driv ho gard på Ringsaker i Hedmark. Der driv ho med kylling, skog, korn og bringebær.

Les om konferansen Mat og Landbruk i Bondevennen nummer 4 og 5.

Les også: Selebert besøk under Mat og Landbruk.

Stikkord denne saka: