BN+

Vil dyrka mat: Kirsten Kverneland vil bruka grøne areal til matproduksjon. Ny verksemd basert på grøn kraft meiner ho må leggjast på areal som ikkje kan nyttast til dyrking av mat.


Kirsten Kverneland karakteriserer planar og prosess kring nedbygging på Kalberg, Frøyland og Kvernaland som uhyggeleg.


Sjur Håland


– Informasjonen om planane til oss grunneigarar og alle andre har for det meste kome gjennom media. Og dette er ikkje første gongen prosjekt som inneberer nedbygging av jord her i Time blir presentert for grunneigarar på denne måten, seier ho.


Kverneland har engasjert seg sterkt i kampen mot utbyggingsplanane. Ho er matprodusent på Kvernaland og har ein son på 11 år. Foreldra hennar bur også på garden, der driftsgrunnlaget er slaktekyllingproduksjon, ammeku og sau. Bruket er på totalt 1.600 dekar. Minst 60 dekar dyrka jord og like mykje beite vil gå med av hennar eigedom om planane om datasenteret og ein omkøyringsveg rundt Frøyland og Kvernaland (del av ny tverrforbindelse mellom Jæren og E39) blir realisert.


Les også: Bønder slåst mot datasenter på matjord

Kommunal kongstanke

– Eg kallar det ein kommunal kongstanke der Time kommune ønskjer å få realisert eit datasenter samstundes som dei dermed får finansiert omkøyringsvegen, seier ho.


Kverneland fortel om eit vell av aktørar, roller og interesser i saka.


– Pengar og pengemakt er ein del av spelet og bidreg til at prosjektet blir skuva fram i tid, utan at folk flest eigentleg greier å følgja med i kva som skjer. Dermed blir det også vanskeleg å setja press på politikken og politikarane, seier ho.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.