Vann fram i ankesak: Før sommaren handsama Gulating Lagmannsrett ei ankesak frå ein mjølkebonde som vart pålagt aktivitetsforbod av Mattilsynet i 2018. Bonden vann fram, og forbodet vart oppheva. Foto: Istock.com

Lagmannsretten oppheva aktivitetsforbodet mot jærbonden, fordi Mattilsynet ikkje sette bondens avvik inn i ein større samanheng. Dommen kan opna for søksmål frå fleire bønder, men advokat åtvarar mot mental og økonomisk belasting.

Jane Brit Sande

Før sommaren handsama Gulating Lagmannsrett ei ankesak frå ein mjølkebonde som vart pålagt aktivitetsforbod av Mattilsynet i 2018. Faktagrunnlaget bygger i hovudsak på forhold observert i tidsrommet 2006-2018.
I Lagmannsretten vart bonden frikjend og aktivitetsforbodet oppheva, fordi Mattilsynet ikkje sette bondens avvik inn i ein større samanheng. Lagmannsretten vurderte at det var ein svakheit ved Mattilsynet sitt vedtak at avvika ikkje vart vurdert opp mot heile besetningen til bonden, eller opp mot tilsvarande besetningar i båsfjøs. Lagmannsretten seier at avvik også må vurderast ut frå ei meir overordna norm basert på kva som er forsvarleg drift. I tillegg hadde bondens forsvar ei rekke vitnebevis frå ulike fagpersonar som peikte på at avvika ikkje var store, sett i forhold til den besetninga bonden hadde.

Tingretten for streng

Advokat Paul Aakre er kjend for mange av Bondevennen sine lesarar gjennom si spalte i bladet. Bondevennen har spurt han om kva presedens denne ankesaka kan føre til, og kva lærdommar ein kan ta av denne dommen.

Paul Aakre

– Reint formelt, var vedtaket som låg føre i lagmannsretten veldig strengt. Eit tidsuavgrensa og absolutt aktivitetsforbod er den strengaste straffa bonden kunne fått i denne saka, seier Aakre.

Når ein sak frå Tingretten blir anka, går Lagmannsretten gjennom heile saka på ny. Begge partane i saka må gå gjennom bevisføringa ein gong til. Dei kan også velje å gjere endringar når ankesaka blir ført, til dømes å bringa inn nye vitne.

– Lagmannsretten har vurdert forholda, og har fått høyra fleire vitne som talte i bonden sin favør. Forsvaret har hatt gode vitne; veterinær og rådgivarar, og dei har lagt fram kva bonden har gjort for å betra forholda i fjøset. Til dømes har han gått ned på tal dyr, og vitna opplyste at det då har gått betre, seier Aakre.

Lagmannsretten vurderte det slik at vilkåra for eit aktivitetsforbod var til stades, og det kunne fattast eit vedtak mot bonden. Men retten skal samstundes ikkje gå lenger enn naudsynt, i følgje Aakre.

– Lagmannsretten konkluderte med at aktivitetsforbod var for strengt. Dei sa ikkje at bonden var fri for feil, men at Mattilsynet i sitt vedtak gjekk for langt. Tilsynet kunne fatta et mindre inngripande vedtak og eksempelvis gitt påbod om å redusera besetninga på eit tidlegare tidspunkt, seier Aakre.

 Treng samanlikningsgrunnlag

I dommen står det: Lagmannsretten kan ikke se at det er grunnlag for å bestride det som fremgår av ulike rapporter fra Mattilsynet. Det er påpekt flere kritikkverdige forhold ved driften som har vært til stede på de tidspunkt Mattilsynet har vært på befaring. Mattilsynet hadde dokumentasjon, forklaringar, og vurderingar med seg i retten.

– Det kjem fram i dommen at retten ser at det er noko i det som Mattilsynet legg fram. Men det er også tunge bevis i andre retningar. Retten må ha eit samanlikningsgrunnlag, og framstillinga frå Mattilsynet blir for snever for Lagmannsretten, seier Aakre.

Ein veterinær vitna til bonden sin fordel, og samanlikna med 50-60 andre bruk. Det har vore tungtvegande for retten.

– Eg likar at retten har vore så streng med Mattilsynet, og seier at vurderingane ikkje er gjort grundig nok, seier Aakre.

Advokaten har inntrykk av at retten ikkje stolte på Mattilsynets evne og vilje til å gi ein dekkande heilskapleg beskriving av forholda i driftsbygningen. Gjerne ut frå sin faktiske kunnskap frå samanliknbare båsfjøs. Enkelte konkrete forhold i driftsbygningen framstod også for retten som uriktige.

– Blant anna sa Mattilsynet at det var fleire skitne dyr i fjøset, medan veterinæren sa noko anna. Mattilsynet sa også at båsane mangla mjukt underlag. Dette stemte ikkje, følgje veterinæren. Det er altså klare føringar frå fagpersonar som seier noko heilt anna enn Mattilsynet, seier Aakre.

Med denne dommen blir Mattilsynet tvungne til å formalisera og grunngi vedtaka sine betre, i følgje Aakre.

– Lagmannsretten snur ikkje 100 prosent. Dei seier at det rett nok er ein del feil i fjøset, men dei meiner altså at det er for strengt med absolutt aktivitetsforbod. Mattilsynet kunne ha fatta eit anna vedtak, som ikkje er fullt så strengt, seier Aakre.

Eit tidsuavgrensa og absolutt aktivitetsforbod er den strengaste straffa bonden kunne fått i denne saka

Fleire søksmål?

Etter det Bondevennen kjenner til, er det venta at fleire bønder vil ta opp att saker, der dei meiner dei har blitt urettmessig straffa. Forholdet mellom Mattilsynet og landbruket, særleg i Rogaland, har som kjent vore konfliktfylt. I desember i fjor kom den eksterne granskinga av Mattilsynet, i kjølvatnet av den såkalla «Lauvås-saka». Granskinga avslørte mykje dårleg og urettmessig praksis, noko ankesaka til nemnde mjølkebonde kan sjåast som eit døme på.
Frp-politikar Margrete Dysjaland vart i samband med ankesaka intervjua av Stavanger Aftenblad. Der ga ho uttrykk for at dommen representere noko mykje større enn sjølve enkeltsaka.

– Ja, og derfor må vi til bunns i dette. Det er også lett å dra paralleller til Navskandalen, for Mattilsynets maktmisbruk har gjort bønder syke og medvirket til samlivsbrudd. De opplever dette nesten som terror. Derfor må gamle saker bli sett på igjen for å sette strek slik at bøndene kan gå videre i livene sine, sa Dysjaland.

Belastning å gå til sak

Advokat Aakre vil ikkje åtvara bønder mot å gå til sak, men seier at ein må vere førebudd på kven og kva ein møter. Dersom ein bonde vil gå til sak på grunn av eit vedtak frå Mattilsynet, må han gå via klageinstans, som er Fylkesmannen.

– Blir det rettssak, så blir det deg mot staten i rettssalen. Det er ikkje småtteri. Staten har eit team på meir enn 40 advokatar, som er utruleg dyktige i sine felt og gjer det dei meiner er rett, seier Aakre.

Å reise sak kan bli ei stor økonomisk belasting.

– Bønder er næringsdrivande som kan skriva av momsen på eigne utgifter, og det hjelper litt. I tillegg har ein gjerne rettshjelpsforsikring, som dekker eigne omkostningar opp til kr 100 000

– 150 000 kroner, seier Aakre. Dersom ein vinn fram i retten, vil en som oftast få omkostningar dekt av motparten. Spesielt i ei sak mot staten. Men dersom ein tapar, kan ein bli sitjande med rekninga for begge partar.

– Dersom ein tapar i Lagmannsretten, kan det bety eit økonomisk tap på 7-800 000 kroner, seier Aakre.

Dokumenter alt

Å gå til sak er ein langdryg prosess, og ein må tole «litt tiltale», i følgje advokaten.

– Det er ei mental belasting. Dei aller færraste får energi av å drive med rettssak. Er motparten i tillegg Mattilsynet, har det vore ein prosess med stor belasting og mykje frustrasjon, lenge før ein kjem så langt som rettssalen, seier advokaten.

Han har følgjande råd til bønder som vil sikra seg i tilfelle klagesak, og i verste fall rettssak.

– Dette arbeidet startar allereie ved inspeksjon. Ha med deg eit vitne. Det kan vere ein nabo eller eit familiemedlem. Syt for å dokumentera med film alt som skjer. Om du har, nytt gjerne slike kamera ein kan feste på hovudet, elles er å filma med mobilen godt nok, seier Aakre.

Klientar har tidlegare erfart at åtferda til inspektørane tonar seg ned når dei blir gjort merksame på at bonden filmar, i følgje Aakre.

– Og for all del: Pass på at du får ein signert rapport frå tilsynet, før inspektørane reiser frå garden. Det avgrensar inspektørens høve til å gjere justeringar når rapporten skal reinskrivast, seier Aakre.

Stikkord denne saka: