Først i paraden: På trass av restriksjonar som følgje av blåtunge, klarte arrangørane å stille ein flokk med tre kalvar og ei ku, og åtte geiter. Alle frå flokken til Gunnar Haugo (fremst). Flokken hadde han på kveet ved Sterke Nils-tunet heile helga, slik at folk kunne sjå og helse på.
Dyrsku’n 2024
90.000 besøkande, 800 utstillarar og 500 millionar i omsetting. Dyrsku’n er møteplassen for landbruk og matkultur, handel og politikk, føredrag og historieforteljing, antikk og tradisjonelt handverk.
Liv Kristin Sola
Bondevennen har vore fast gjest på ku- og geiteutstillinga dei siste åra, men i år vart denne utstillinga avlyst på grunn av den uavklarte situasjonen kring blåtunge. Og sjølv om husdyrtevlinga vert kalla Hjarta av Dyrsku’n er det meir enn nok å fylle dei tre dagane med.
For Dyrsku’n har alt du kan tenke deg – og så mykje, mykje meir.
Bli med Bondevennen på ein runde på messeområdet.
På køyretyet skal storfolk kjennast: Finansminister Trygve Slagsvold Vedum fekk æra av å køyre ein veteran i paraden under opninga av Dyrsku’n 2024. Noko han såg ut til å trivast godt med.
Staseleg transport: Statsminister Jonas Gahr Støre fekk æra av å opne Dyrsku’n 2024. Han ankom staseleg i vogn drege av to hestar og ein stødig kusk. Til høgre for Støre sit Aslak Snarteland, styreleiar i Dyrsku’n.
Mataktivitetar – berre for barn: På Geitmyra Matkultursenter er det forbode for vaksne. Her får barna lukte og smake på norske grønsaker i alle fargar og variantar.
Inspirert av Farmen: Mjølkespannhalding var populært.
Godt sal: Tobias elskar å selje, og pruting er litt av sjarmen. Men 11-åringen lar seg ikkje lure.
Ung kremmar
På Dyrsku’n i Seljord er det 800 utstillarar, ein av dei er 11 år gamle Tobias. Strategisk plassert ved ein sideinngang, har han sett opp sitt eige bord. På plakaten står det: «Jeg rydder hjemme. Tobias.»
– Eg har jo ein del ting eg ikkje har bruk for, som eg kan selje her, seier Tobias til Bondevennen.
11-åringen elskar å selje. I lag med ein kamerat stiller dei gjerne opp utanfor butikken heime. Sel ting dei ikkje brukar lenger, og tener ein slant. Men det er mest for gøy. Dei to kameratane likar seg best ute, og har så mange prosjekt på gang at det blir lite tid til å sitte framfor skjermen.
Tobias har kremmarblod i årene. Far Stian er ein av eigarane av Østlandet Brukt og Antikk, og Tobias får låne eit hjørne av deira stand. Men sjølv om han er kremmar, prisar han ikkje varene sine for høgt. Vil heller satse på godt sal. Likevel er det rom for pruting. Det er nemleg ein viktig del av handelen når ein kjøper brukt, fortel Tobias. Men det går ei grense. Også brukte leiker har ein verdi, og 11-åringen skal trass alt ha litt for arbeidet han legg ned og tida han bruker. Og denne søndagen vart det heile 900 kroner, ein sum Tobias er svært godt nøgd med.
Fargerike Lega
I matteltet er det eit stort utval av mat og drikke, ikkje minst eit enormt utval av lokale ostar. Ein av dei som sel ost i Matteltet er Lega Ysteri i Rauland.
– Versågod, berre smak, byr Maren som sel varer for Lega.
Og her er det berre å smake seg gjennom heile sortimentet, brun og kvit, geit og ku, alt pakka inn i fargerikt design.
– Det er brunosten me sel aller mest av. Den er utruleg god, seier Maren.
Maren har vore ein del av Lega sidan ho var lita jente og mor hennar jobba på for Gro Hommo og mjølka geit på støylen, Nedre Lega. «Namnet Lega kjem frå ordet, ei lege, altså ein lun og frodig stad som dyr og menneskje ofte søkjer ly i,» står det på Lega sine nettsider.
Gro Hommo starta Lega Ysteri heime på geitegarden i Raundalen, i 2009. I dag har produksjonen vakse ut or dei gamle produksjonslokala, neste generasjon har teke over garden, og Gro har bygd seg nye produksjonslokale med ysteri, bakeri og kafé, i Rauland i Vinje. Og ystar no både av geit- og kumjølk. Lega har no 25 tilsette som utgjer 10 heile årsverk. Mange av dei er bygdeungdom som får verdifull arbeidserfaring hjå Gro Hommo.
Mangfald av fargar og smak:
Ku og geit, brun og kvit,
smørbar med kvitlauk, knubbost til salaten.
Maren frå Lega Ysteri kan by på det meste.
Her er det berre å smake seg fram, frå mild til sterk.