Avslørande UV: UV-lampen og det fluoriserande middelet avslører effekten frå dysene.

Med dei rette dysene kan du redusera avstandskravet med opp til 90 prosent. – Då får du nytta arealet ditt mykje betre. Ei dyse kostar om lag 130 kroner. Det tener du fort inn att, seier Arne Vagle i NLR.

Jane Brit Sande

– No ventar me berre på at det skal bli heilt mørkt, seier Kari Aarekol, grønsaksrådgivar i NLR.

Produsentar frå heile Jæren møter opp i skumringa. På eit jorde like ved surfeparadiset Borestranda, står traktorane til Oddvar Skjæveland og Anders Lie utstyrt med kvar si sprøyte, fylt opp med vatn tilsett fluoriserande middel. Det er montert tre ulike dysetypar på kvar sprøytebom. Aarekol forsøker å samla troppane, med ein UV-lampe under armen.
Med hjelp frå mørket og UV-lampa, avslører det fluoriserande middelet effektivitet og avdrift frå dysene. Begge traktorane køyrer i 6 km/t, med eit trykk på 3 bar. Dysene har forskjellige storleikar, mellom 20 og 80 liter væske på målet.

– Der det blir nytta dyser som slepp ut mykje væske, trekk væska godt nedover blada. Men det er ikkje alltid det er ønskt effekt, seier Aarekol.

Meir trykk på sprøyta, betyr finare dropar. Mindre trykk betyr større dropar.

– Større dropar fyk ikkje vekk med vinden, og betyr mindre avdrift, seier Aarekol.

Avstandskrav

Vasslevande organismar skal beskyttast, og derfor er det krav om avstand mellom vatn og areal som blir sprøyta. Tidlegare i år innførte Mattilsynet differensierte avstandskrav. Avstandskravet til vatn er satt ut frå kor giftig plantevernmiddelet er for dei vasslevande organismane. Mattilsynet opnar for redusert avstand til overflatevatn dersom det blir nytta utstyr og teknikkar som reduserer avdrift.
NLR Rogaland, ved seniorrådgivar Kari Aarekol, rådgivar Randi Hodnefjell og seniorrådgivar og konstituert dagleg leiar Arne Vagle, inviterte nyleg potet-, grønsaks-, korn-, bær- og grasbønder på Jæren til ein demonstrasjon av avdriftsreduserande dyser.

– Ved bruk av dei rette dysene, kan avstanden reduserast med opp til 90 prosent, seier Vagle.

Vassjournal

Avstandskrav til overflatevatn som bekkar, innsjøar og kanalar er oppgitt på etiketten. Det er obligatorisk å følga kravet.

– Det er du sjølv som har ansvaret for å følga og å vera oppdatert på etiketten, seier Vagle.

Nøgd: Arne Vagle var godt nøgd med oppmøte og demonstrasjon denne kvelden på Bore.

– Om ein etikett er oppdatert, og du følger den gamle, nytter det ikkje å seie at du ikkje visste. Du skal vite.

Plantevernjournalen er sett saman av tre hovuddelar: sprøytejournal, journal for integrert plantevern og vassjournal. Vassjournal er eit krav for all sprøyting som har gått føre seg nærmare enn 50 meter frå overflatevatn.

Hypro og XR: Oddvar Skjæveland var først ut til å demonstrera dyser. Frå venstre: Hypro ULD ,05, Hypro ULD ,04 og XR 03.

Hardi: På Anders Lie si sprøyte var det montert tre forskjellige Hardi-dyser. Frå venstre: Hardi minidrift Duo, Hardi ,05 og Hardi ,10

– Skal du ha nytte av dei avstandsregulerande tiltaka, må desse registrerast og grunngjevast i journalen. Det er ikkje vanskeleg, og må heller ikkje vere omfattande. Men du må skriva inn kva du har gjort, og kvifor, seier Vagle.

Følgande skal noterast i vassjournalen kvar gong ein sprøyter:

  • avstand til overflatevatn og avstand til eventuelle drikkevasskjelder i nærleiken
  • eventuelle tiltak du har gjort for å avgrensa risikoen for forureining til vatn (til dømes val av dyser, større buffersone enn kravet på etiketten, val av vaskeplass, avdriftsreduserande tiltak, og liknande)
  • eventuelle avdriftsreduserande utstyr og teknikkar for å kunne sprøyta nærmare overflatevatn.

Følger med: Det gjeld å vere der det skjer. Bøndene flokkar seg rundt Aarekol og UV-lampa.

Avdriftsreduserande dyser

Avstandskrava som er oppgitt på etikettane tar ikkje omsyn til kva dyser som blir nytta. Avhengig av kva dyse du nyttar, er det mogleg å oppnå 50, 70 og 90 prosent avdriftsreduksjon.

– Har du eit avstandskrav på 30 meter, kan du redusera dette til tre meter, berre ved å nytta dei rette dysene. Då får du nytta arealet ditt mykje betre. Ei dyse kostar om lag 130 kroner. Det tener du fort inn att, seier Vagle.

Han konkluderer kvelden slik:

– Nye, moderne dyser med større dropar, gir god dekning med lite avdrift til omliggande areal.

Desse seks dysene vart demonstrert:

  • Hypro ULD ,05
  • Hypro ULD ,04
  • XR 03
  • Hardi minidrift Duo
  • Hardi ,05
  • Hardi ,10
Stikkord denne saka: