Niel Douglas Perry er ein erfaren og kjend saueklippar. Her kan du sjå han i aksjon under speedklipping på Sinnes.

 

Jofrid Åsland

 

– Det er finst mange snarvegar, men det er berre oss gamle som har klipt i lange tider som veit om snarvegane, seier Perry.

Klipparen bur i New Zealand, men er i Noreg i periodar av året som saueklippar. I Noreg bur han i Klepp i Rogaland.

Denne mannen har mellom anna vore med på verdsmeisterskapet i saueklipping.

Under helgas NM i saueklipping og ullhåndetring kom Perry på på 2. plass i open klasse, slått av Børge Høyland.

Under fredagens speedklipping leda han inn i finalen, og klippa ein sau på 25 sekund. I finalen var han ikkje like heldig og kunne difor sjå langt etter sigeren. (Sjå resultatliste frå finalen i open klasse under.)

 

  • Ekkehard Reinprecht (t.h.) kvesser knivane, medan sønene, (f.v.) Timon (3,5) og Lasse Akselsen (1,5), et og studerer arbeidet.

 

Resultat frå finalen i open klasse:

1. Børge Høyland

2. Niel Douglas Perry

3. Inge Morten Tonstad

4. Åsmund Kringeland

 

Stikkord denne saka: