Tøffe tak: Her får kua Gunda litt kos frå bonde Gro Sevheim. Ein god arbeidskvardag var rigga for både kyr og bonde, men no er framtida trua av nye reglar for gjødsling. Foto: Gro Sevheim
– Eit slag i trynet frå Statsforvaltaren
Gro Sevheim har kjempa hardt for å sikre ei framtidsretta gardsdrift. No står driftsgrunnlaget i fare.
Jofrid Åsland Gilje
– Dette er dramatisk!
Bonden er på ferie då eit brev frå Statsforvaltaren tikkar inn i den digitale postkassa. Med eitt er kvardagen snudd opp ned.
– Eg vart heilt knust, og i oppløysing heile dagen, seier Gro.
Brevet ho har fått er eit varsel om oppheving av spreieareal på innmarksbeite, nøyaktig 102,5 dekar. Bonden tok til telefonen. Ho har framleis krefter til å kjempe for seg sjølv og framtidige generasjonar.
Nytt rosa lausdriftsfjøs
Garden ligg på Finnøy i Stavanger kommune i Rogaland. Gro og familien er ikkje dei einaste som har fått varsel frå Statsforvaltaren. Det er sendt ut varsel til alle som kan bli råka i Stavanger kommune.
– Eg har jobba så hardt, og vore så stolt av det eg har fått til. Så kjem dette.
«Eg har jobba så hardt, og vore så stolt av det eg har fått til. Så kjem dette.»
Gro Sevheim, bonde
Gro er 4. generasjon Sevheim som driv denne garden. Ho overtok etter faren i 2020 og har nyleg bygd eit nytt lausdriftsfjøs med rosa vegger til sine 30 mjølkekyr. Med eiga jord og kvote hadde ho sikra arbeidsplass for seg og for framtida.
Rosa lausdrift: Verda er ikkje rosa, men den nye lausdriftsfjøsen til Gro Sevheim har iallfall rosa vegger. Foto: Gro Sevheim
Kalvinga er lagt opp slik at dyra skal vere mest mogleg ute på beite. Ungdyra pleier kulturlandskapet frå april, medan mjølkekyrne får vere ute frå midten av mai til oktober. Gro skildrar driftsopplegget som både god dyrevelferd og bondevelferd.
– For at kyrne skal kunne produsere nok mjølk må beita ha god nok kvalitet. Då må dei gjødslast, slik me har gjort i 50 år, seier Gro.
Idyll? Kyrne til Gro Sevheim er mykje ute. Dette meiner boden er godt for både folk og fe. No har ho fått varsel om at innmarksbeitet kan bli oppheva som spreieareal. Blir det slik vil det få store konsekvensar for drifta. Foto: Gro Sevheim, foto av kua i solnedgang: Laura Boch.
Ei kartlegging frå 2022 dokumenterer naturbeitemark av høg kvalitet på eigedomen til Gro. For å verne denne naturtypen vurderer Statsforvaltaren no å fjerne arealet som spreieareal.
I brevet viser Statsforvaltaren til ei NiN-kartlegging frå 2022 som dokumenterer naturbeitemark av høg kvalitet på delar av arealet. Til saman omfattar kartlegginga 102,5 dekar som i dag er godkjende som spreieareal. NiN-kartlegging blir nytta for å kartleggje og klassifisere naturtypar i Noreg.
«Dersom eg må redusere talet på kyr på grunn av mindre spreieareal, vil ikkje drifta vere lønsam.»
Gro Sevheim, bonde
Store konsekvensar
– Eg forstår ikkje korleis dei tenker at me skal drive. På den eine sida blir me oppmoda til å auke matproduksjonen. På den andre sida tek dei frå oss driftsgrunnlaget.
Bonden legg ikkje skjul på at ho er svært frustrert. Kampane har vore mange dei siste åra, og arealet på øya der ho bur er avgrensa. Ho har tidlegare kvessa pennen mot straummaster som vil leggje beslag på areal frå garden. No hevar ho røysta igjen.
– Dersom eg må redusere talet på kyr på grunn av mindre spreieareal, vil ikkje drifta vere lønsam, seier Gro, før ho legg til:
– Dette kjennest som eit slag i trynet frå Statsforvaltaren.
Gro har notert seg fristen 16. august 2026 for å kome med merknader til varselet. Medan ho er på ferie med familien, har ho snakka med rådgivaren i Norsk Landbruksrådgiving, Bondelaget, landbrukssjefen i kommunen, saksbehandlaren hjå Statsforvaltaren, lokalavisa og no Bondevennen. Ho gir seg ikkje utan kamp.
Kva er ei NIN-kartlegging?
Ei NiN-kartlegging er ei kartlegging av natur etter systemet Natur i Noreg (NiN).
Systemet er utvikla for å beskrive og klassifisere norsk natur på ein standardisert måte, slik at ein kan dokumentere kva slags naturtypar som finst i eit område og kor verdifulle dei er.
Målet med ei NiN-kartlegging er:
- identifisere ulike naturtypar (til dømes naturbeitemark, myr, skog eller våtmark),
- vurdere den økologiske kvaliteten i området,
- gi eit kunnskapsgrunnlag for arealforvaltning og utbyggingssaker.
Kjelder: Artsdatabanken og Miljødirektoratet
Går gjennom heile fylket
Landbruksdirektøren forstår at bønder som kan miste spreiearealet er frustrerte. Ho viser til at det er mogleg å kome med innspel i saka.
– Den nye forskrifta har ein eigen heimel for gjennomgang av spreieareal. Det fører til at me skal gå gjennom spreieareala i heile Rogaland, seier Monica Dahlmo, landbruksdirektør hjå Statsforvaltaren i Rogaland.
Nyleg har bønder i Stavanger kommune fått varsel om oppheving av spreieareal. Eit eventuelt vedtak vil ikkje gjelde før i 2027, men det er avgjerande for forvaltninga å sende ut informasjonen i god tid før neste års spreiing. Det vert ikkje sendt ut varsel i alle kommunar samtidig.
– Me har systematisk gått gjennom innmarksbeite som er godkjend som spreieareal. Eg vil understreke at dette er eit varsel, og at bøndene har høve til å seie kva dei meiner i saka, seier Dahlmo.
Monica Dahlmo
Naturbeitemark skal ikkje gjødslast
– Eg kan ikkje kommentere einskilde saker medan dei er til behandling. På generelt grunnlag forstår eg sjølvsagt at dette kan opplevast som inngripande, seier landbruksdirektøren.
Naturbeitemark er grunnlaget for oppheving av spreieareal. Det er definert som ein sårbar naturtype, og Dahlmo viser til at støtte til skjøtsel av denne naturtypen er auka til 1000 kroner per dekar.
– På eit generelt grunnlag kan eg seie at naturbeitemark ikkje skal vere godkjend som spreieareal.
«På eit generelt grunnlag kan eg seie at naturbeitemark ikkje skal vere godkjend som spreieareal.»
Monica Dahlmo, landbruksdirektør Statsforvaltaren i Rogaland
– Det hjelper ikkje med støtte dersom ein ikkje har nok spreieareal. Har du innspel til det?
– Me er klare over denne problematikken, og det er dessverre mange i Rogaland som har utfordringar med å skaffe nok spreieareal grunna den nye gjødselforskrifta, seier Dahlmo.
Ho presiserer at Statsforvaltaren berre har løyve til å oppheve spreieareal, ikkje godkjenne. Dersom ein heil teig blir oppheva som spreieareal kan det vere ein liten del av arealet som skal vernast. Det er mogleg for bonden å søke kommunen om å få arealet som ikkje treng vern godkjend på nytt.
Ståle Hustoft
Stiller spørsmål ved kartlegginga
– Dette er veldig inngripande for bøndene, seier Ståle Hustoft, leiar av Rogaland Bondelag.
Til no er det sendt ut 25 varsel om oppheving av spreieareal i Stavanger kommune. Det er varsla oppheving av 1.658 dekar fordi gjødslinga er vurdert å ha uheldig verknad på natur- og kulturlandskapsverdiar.
– Eg stiller spørsmål ved om kartlegginga kan sjå forskjell på gjødsla beite og naturbeitemark. Dette er jo område som dokumenterbart har vore gjødsla gjennom generasjonar, seier Hustoft.
Han er usikker på om kartlegginga er korrekt. Særleg på Finnøy i Rogaland er store areal varsla oppheva som spreieareal på grunnlag av at dei er kategorisert som naturbeitemark. Bondelagsleiaren stiller seg undrande til at det er så uheldig å gjødsle ettersom det har vore praktisert i ei årrekke.
– Desse områda vil miste sin eigenart og verdi dersom dagens bruk blir redusert.
Store tap
Hustoft har stor forståing for bøndene sin frustrasjon.
– Dette er eit skikkeleg tilbakesteg. Enkelte gardar blir hardt ramma, og mister retten til å oppretthalde drift på store delar av sine areal, seier han.
Han meiner det er lite smidig av Statsforvaltaren å sende ut slike varsel midt i sommarferien.
«Eg stiller spørsmål ved om kartlegginga kan sjå forskjell på gjødsla beite og naturbeitemark.»
Ståle Hustoft, leiar Rogaland Bondelag
– Overordna stiller eg spørsmålet: Kor streng restriksjon skal me legge på matproduksjon? Dette er område som er forma gjennom generasjonar med ugraskamp, gjødsling og beiting.
Bondelagsleiaren viser til at det no vert lagt veldig strenge restriksjonar på den avgrensa ressursen som jordbruksarealet er.
– For somme blir 50 prosent av beitearealet omgjort til naturbeitemark. Dette er veldig inngripande for bøndene, seier han.
