I veksthuset: På Vg3 Gartnernæring skal elevane bli rusta til mange forskjellege oppgåver i næringa. Foto: Tveit Vgs.

Drøymer du om å bli gartnar? Då kan Tveit vidaregåande skule ha tilbodet du er på jakt etter. Frå hausten av startar dei opp med utdanningstilbodet Vg3 Gartnernæring.

Jane Brit Sande

Tveit vidaregåande skule på Nedstrand i Rogaland, fekk den etterlengta godkjenninga som tilbydar av gartnarutdanning i slutten av januar, og vil starta opp med tilbodet allereie frå hausten av.

– Kjem det søknadar, blir det gartnarklasse, seier Kåre Åsheim, undervisningsleiar på skulen.

Skulen tar imot elevar frå heile landet. Internatet er under oppussing, og har totalt 52 rom. Søknadsfristen til skulen er 1. mars.

Ein av få tilbydarar

Ifølgje den nasjonale nettportalen utdanning.no, som rett nok vart oppdatert sist i september 2019, er det berre éin skule som tilbyr Vg3 Gartnernæring, nemleg Natur vgs. i Oslo.

– Så langt me veit, blir me einaste tilbydar av dette Vg3-tilbodet i heile Sør-Norge, i alle fall, seier Åsheim.

Dette skuletilbodet er altså noko anna enn anleggsgartnarutdanninga. Då startar elevane også på Vg1 Naturbruk, men går vidare til Vg2 Anleggsgartner- og idrettsanleggsfag, før dei går ut i ein to-årig læreperiode i ei bedrift. For å gå Vg3 Gartnernæring, må ein først gå Vg1 Naturbruk og deretter Vg2 Landbruk- og gartnernæring.

– Dette er ei treårig profesjonsutdanning som gir tittelen Gartnar. Førebels gir det ikkje fagbrev, men me vonar det vil endre seg med den nye skulereforma som kjem om to år, seier Åsheim.

Kåre Åsheim

Treng samarbeidspartnerar

Åsheim er glad for at gartnarutdanninga endeleg har kome til Rogaland.

– Det er optimisme i grønsaksnæringa. I tillegg er Rogaland veksthusfylke nummer éin, så det var på tide, seier han.

Utdanningsløpet er retta mot veksthus, frilandsgrønsaker og blomsterproduksjon. Elevane skal lære om produksjon, bedriftsstyring og salskanalar. Dei skal laga forretningsplan, og læra om økonomi og HMS. Skulen har veksthus og areal til frilandsproduksjon til å nytta i undervisninga, men dei treng kontakt med verksemder som kan ha elevar i praksis.

– Me er på jakt etter samarbeidspartnerar for praksisplassar til elevane. Skulen vil og må samarbeida med næringa for å få tilbodet opp og gå, seier Åsheim.

Han skryt av elevane på skulen.

– Dei er flinke og bevisste ungdommar, som tenker at matproduksjon er viktig i framtida.

Stikkord denne saka: ,