Eplekake i kopp

Eplekake i kopp lager du i ein fei.

Denne kaka er perfelt når du vil ha deg noko godt i ein fei.

Det tar deg berre eit par minutt å røre saman røra. Koppen set du i mikrobølgjeomnen i ca. 3 minutt. Oppskifta kjem frå nettsida www.detsoteliv.no

 

Ingrediensar (til ein kopp):

6 ss kveitemjøl

4 ss sukker

1 ss melis

0,5 ts kanel

1 ts vaniljeekstrakt

2 ss egg

3 ss matolje

3 ss mjølk

Fyll:

1/2 eple

1 ts sukker

0,5 ts kanel

Du kan eventuelt bytte vaniljeekstrakt med vaniljestang. Sukkeret kan du erstatte med steviasukker og/eller honning.

 

Slik gjer du:

  • Bland det tørre i ei bolle først, og ha så i egg, vaniljeekstrakt, matolje og mjølk.
  • Skrell eit halvt eple og del det i terningar. Stikk eplebitane ned i koppen med deig.
  • Ha på litt sukker og kanel på toppen, og steik i ca. 3 minutt på maksimal styrke i mikrobølgjeomnen.
  • Du kan også toppe bakverket med krem eller is.

(Kjelde: www.detsoteliv.no)

God appetitt.

 

 

 

Stikkord denne saka: